Opera Nordfjord

ANNONSØRINNHOLD

Stikktittel kan skrives her, benytt H2

Dette er din tittel,
anbefalt maks to linjer

Grey
Grey

Opera Nordfjord fyller 25 år:

Tuva og Andreas er med på jubileumsframsyning

Ungdommane går siste året på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Etter påske vert dei med på Opera Nordfjord si storoppsetjing av det mektige verket Requiem av Giuseppe Verdi. 

Den 14. april blir scena i Operahuset på Nordfjordeid fylt med over 200 musikarar beståande av profesjonelle solistar, orkesteret og operakoret til Opera Nordfjord og ikkje minst skulekora knyta til musikklinjene ved Firda VGS og Volda VGS. Når den første framsyningane er gjennomførte på Eid, pakkar dei saman oppsetjinga og tek den med til Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik og Førdehuset i Førde. 

No er det siste innspurt før jubileumsframsyninga. Video: SMP Brand Studio.

Massiv musikk

Musikklinje-elevane gler seg stort til å framføra Requiem over påske. Saman med skulekoret sitt er dei i full gang med å øve inn stemmene sine. Tuva Nyhammer-Taklo og Andreas Edvardsen Sundgot er begge atten år og i koret syng dei i kvar sin ende av toneregisteret. Tuva er sopran og syng dei lysaste tonane, medan Andreas er 2. bass og syng dei mørkaste tonane. 

– Stykket er skrive på latin, og det er jo ingen som snakkar latin lenger. I tillegg til å lære seg alle notane, er nok språket den største utfordringa, spesielt når det går fort.

– Då er det lett å krølle tunga litt. Men, det blir lettare og lettare etter kvart som me får øvd meir og meir, seier han. 

– Då gjeld det å ha tunga rett i munnen, skyt Tuva inn. 

Utfordrande

Bass-guten Andreas legg ikkje skjul på at det er krevjande musikk på veldig mange måtar, men understrekar også at det samtidig er veldig gøy. 

– Verdis Requiem er utan tvil eit veldig stort stykke, for det første fordi det er veldig langt og har mange utfordrande parti, men også på måten det er skrive med storslåtte delar i musikken der alle speler og syng samtidig. Det er rett og slett massivt, seier Tuva. 

Vore med før

For Andreas sin del, er dette første gong han er med på scena i operahuset på Eid, og kan fortelje at det er ekstra spennande. Tuva har vore med fleire gonger før, og seier at dette nok blir ei av dei største opplevingane. 

Tuva og Andreas gler seg til å stå på scena etter påske. Video: SMP Brand Studio.

– Sidan eg er oppvaksen på Eid og dirigenten til Opera Nordfjord også har vore songlæraren min, har eg fått høve til å bli med på mange framsyningar opp gjennom åra. Det har vore veldig stas, og kanskje litt ekstra denne gongen, sidan vi skal vere så mange på scena samtidig. Det blir ei stor oppleving. 

Tuva forklarer vidare at det fulle koret på framsyninga kjem til å bestå av 62 elevar frå Firda VGs og 70 elevar frå Volda VGs i tillegg til 20 songarar i operakora. Orkesteret tel 54 profesjonelle musikarar i tillegg til dirigenten og dei fire solistane Nina Gravrok, Siv Iren Misund, Jacob Skov Andersen og Trond Gudevold. 

Jacob Skov Andersen
Siv Iren Misund
Nina Gravrok
Trond Gudevold
Dette er solistene

Musikklæraren

Musikklærar og dirigent for skulekoret til Volda VGS, Siv Kristin Aurdal, er overtydd om at denne opplevinga vil vere banebrytande for veldig mange av elevane.  

– Vi er ekstra kry på vegner av elevane. Rett og slett fordi vi veit at dette vil vere den aller første opplevinga for mange av elevane i ein så stor skala. Eit storslått verk, eit enormt kor, eit stort profesjonelt orkester og fire strålande solistar, seier Siv Kristin. 

Saman med lærarkollegaene sine Kjetil Eiksund frå Volda VGS og Hanne Grete Heen, Martin Koren og Øystein Eide frå Firda VGS har Siv Kristin instruert, dirigert og sørga for innstuderinga av verket til Verdi.

Dødsmessa

– Giuseppe Verdi si komposisjonen, Messa da Requiem, er ei tonesetjing av den katolske kyrkja si dødsmesse og er skrive for orkester, kor og solistar. Den inneheld dei tradisjonelle delane i dødsmessa, men har også delar i form av bønn som omhandlar dommedag, eller Armageddon, og kven som får kome til himmelriket deretter, fortel Michael Pavelich, kunstnarisk leiar og dirigent for Opera Nordfjord. 

Michael forklarar kvifor han likar Verdis Requiem so godt. Video: SMP Brand Studio.

Rekviemet til Verdi inneheld sju delar og varer i om lag ein og ein halv time; 1. Requiem 2. Dies irae 3. Offertorium 4. Sanctus 5. Agnus Dei 6. Lux aeterna og 7. Libera me.

Ein av favorittane

Michael fortel at han er glad for å få sjansen til å dirigere eit av sine favorittverk enno ein gong, før han tenker på å runde av dirigentgjerninga.

– Eg vart på godt norsk «blown away». Det gir meg ei veldig stor glede å kunne gi den same opplevinga til dagens ungdom.

– Den første store musikkopplevinga mi var frå min ungdom. Eg var 18 år gamal og var med i eit stort universitetsskor på minst 150 elevar ved universitetet i Michigan, Ann Arbor USA, som satte opp Verdis Requiem.

Det er andre gong Operaen i Nordfjord set opp dødsmessa til Verdi, førre gong var i 2010. Og, det er med god grunn den kunstnariske leiaren ønskjer å setje opp verket endå ein gong. 

25 år tilbakeblikk

– Reisa til Opera Nordfjord starta då eg i 1996 var i Kristiansund og spelte i orkesteret til operaen der, og fekk den lyse ideen om at dette måtte vi få til på Nordfjordeid òg. Då tok eg kontakt med både kommunen og rådmannen i Nordfjordeid og sa at dette skulle vi få til her. 29. oktober 1998 på Fjordane Folkehøgskule framførte vi operetten Flaggermusen av Johann Strauss til fire utselde hus. Resten er historie, mimrar Kari Standal Pavelich, Operasjef for Opera Nordfjord og fiolinist. 

Kari mimrar tilbake på reisa Opera Nordfjord har hatt dei siste tjuefem åra. Video: SMP Brand Studio.

Fekk operahus

Kari fortel vidare at operafeberen verkeleg tok bygda. Publikum ville ha meir, og det fekk dei.  

– Blandingsmodellen inspirert av Operaen i Kristiansund, med samarbeid mellom profesjonelle og amatørar har stått seg alle desse åra, og dugnadsanda rår framleis i verkstadar, systove, sminkestolen, operakora og i vertskapet i operahuset. Det vart elleve flotte år i Aulaen på folkehøgskulen, men i 2009 vart det ei ny tid då Operahuset Nordfjord opna og Opera Nordfjord fekk ein ny heim og spelearena for sine produksjonar. 

Ekteparet Kari og Michael starta Opera Nordfjord i lag i 1998. No er dei klar for eit fullspekka jubileumsår. Foto: SMP Brand Studio

Operafeberen verkeleg tok bygda

Slik blir jubileumsåret

– Programmet for jubileumsåret har noko for alle og for alle aldersgrupper. Vi gler oss stort til å vise fram stor kunst og gode musikalske opplevingar, og vi håpar publikum i regionen vil ta turen innom ein, fleire eller alle framsyningane våre, avsluttar operasjefen. 

April: Verdis Requiem på turné 

Turneen startar fredag 14. april i Operahuset Nordfjord. Gåsehudfaktoren vert garantert høg når til saman 200 aktørar på scena formidlar Verdis meisterverk under leiing av dirigent Michael Pavelich. Solistar er Nina Gravrok, Siv Iren Misund, Jacob Skov Andersen og Trond Gudevold.

Stor takk til lokale dirigentar ved Firda og Volda vidaregåande skular: Hanne Grete Heen, Martin Koren, Øystein Eide, Siv Kristin Aurdal og Kjetil Eiksund som har førebudd kora sine fram til siste innspurt. Konsertarenaene denne gongen er Operahuset Nordfjord, Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik og Førdehuset. 

Juli: Sommarskule for born og ungdom

Opera Nordfjord har dei siste to åra arrangert gratis sommarskule for born og unge, så også i år. I dagane 24.-29. juli skal born og unge få utfalde seg på operahuset og lære song, dans og skodespel av eit flott instruktørteam beståande av unge, nyutdanna musikalkartistar og dansarar frå lokalmiljøet vårt. Operaen har også planar om å utvide sommarskulen til å omfatte 3-4 langhelger i løpet av skuleåret for å få eit heilårstilbod for denne målgruppa.

Oktober: Soga om Sol – ein utvandrarmusikal frå Nordfjord 

Hovudproduksjonen i 2023 vert ein urpremiere på tingingsverket og musikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, spesialskrive for Opera Nordfjord. Då fyllast scena med unge talent frå distriktet, både profesjonelle og amatørar. Publikum får oppleve både episke melodiar, fengjande korscener og storslagne dansescener når både «tenkte og hendte» historier frå utvandringa frå Nordfjord til Amerika vert ny scenekunst.

I hovudrollene møter vi Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid og  Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen frå Ørsta. I tillegg kjem eit solistteam med mellom anna operasongar Eivind Kandal frå Gloppen, Simon Standal Pavelich, Sunniva Honningsvåg, Håkon Bøen og  Martha Standal Pavelich frå Nordfjordeid,  Runa Bergem frå Volda, Roy Aron Myklebust frå Stryn,  Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal og Erlend Gjul frå Askvoll. Det kunstnariske teamet er også i stor grad frå eige distrikt og er samansett av regissør og dirigent Michael Pavelich, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset, lysmeister Ovar Holmen, kostymedesignar Heidi Kverndokk,  koreograf Trude Amalie Leirpoll og maskør Hege Ramstad.

Desember:  Ein familieproduksjon

Publikum kan vente seg ein stor familieforestilling den første helga i desember. Repertoaret vert kunngjort om kort tid - følg med!  

ANNONSØRINNHOLD

I samarbeid med utvalgte annonsører utvikler SMP Brand Studio innhold av høy kvalitet, som publiseres på alle Polaris Media sine plattformer og i sosiale medier. Innholdet kan også bli publisert på merkevarens egne flater. Annonsørinnholdet fra SMP Brand Studio merkes tydelig, så leseren klart kan oppfatte at innholdet er betalt for og produsert i samarbeid med en annonsør. SMP Brand Studio er et separat produksjonsselskap i Polaris Media uten tilknytning til noen av redaksjonene i Polaris Medias avishus. Ingen i studioet jobber samtidig redaksjonelt i Polaris Media.

Polaris Media-medienes samfunnsoppdrag og rolle som uavhengig redaksjonell gransker påvirkes derfor ikke av leveransene fra SMP Brand Studio.

Informasjon om bruk av personopplysninger og informasjonskapsler.

© 2023 Polaris Media