Bildeserie:

Fekk rocke med rockekongen

Omlag 60 utviklingshemma var med å gjorde konserten med Isak "Elvis" Søraa og Kai Martinsen til ein stor suksess.
Bildegalleri

- Eg elskar Elvis, og Elvis elskar meg, seier Guro Sandøy som var ein av mange som fekk rocke saman med Isak "Elvis" Søraa i festivalteltet Graceland, fredag.

Både Guro og dei andre som hadde møtt fram song med til Elvis-klassikarane med stor innleving, og det var ingenting å seie på stemninga blant dei ivrige publikummarane.

- Dette var morro! Det viktigaste for ein artist er å få kontakt med og respons frå publikum, og det mangla det ikkje på her! Eg stiller gjerne opp fleire gongar på slike arrangement, seier Isak Søraa etter konserten.   

Også arrangørane i Elvisfestivalen var svært nøgde med teltarrangementet for dei utviklingshemma.

- Dette gjekk over all forventning! Eg var optimistisk på førehand, og håpte på mellom 20 og 30 publikummarar, men det kom dobbelt så mange, det er heilt fantastisk, seier Lars Kjølen.

Kai Martinsen spelte også for dei mange frammøtte, men i staden for å holde på Elvis-tråden, sette han i gong med fleire country-slagera til glede for mange sving-entusiastar i salen som svingte seg framfor scena.

- Det er så mange andre utruleg flinke på Elvis her, så då sparar eg mine, og varierar litt med Johnny Cash og liknande, smiler han.