Namn: Ole Christian Eksund OlsenAlder: 20 årSivilstand: i eit forholdBustad: per dags dato hos svigers på Ivahavet, men eg er også mykje ute og fartar over land og strand i Mercedes lastebilen minYrke: fekk nyleg fagbrev som yrkessjåfør

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er mest oppteken av at alle har det bra, både på jobb og fritid.

– Kva gjer du på fritida?– På fritida mi er eg mykje med kjærasten min, og vi brukar mykje tid saman med vener og familie. Og kvar lørdag er det fast kafédag på bakeriet på Bryggja!

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min ja, kva skal eg seie? Likar meg utruleg godt her, ein liten trygg plass, der ein kjenner dei aller fleste. Og sjølv om det er godt å kome seg vekk å oppleve nye ting av og til, så er det fantastisk godt å kome heim att.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?– Noko frå Tall Ships race.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Iløpet av dagen er eg innom Facebook, Instagram, Fjt og finn.no

– Kva er meininga med livet?– Meininga med livet er å nyte det så mykje og så lenge ein kan! Ta vare på alle rundt seg og rett og slett ha det bra.