Dagens ansikt:

– Beundrar Jon Georg Rutledal og Henning Vabø

Dagens ansikt

Namn: Thor Aage Pleym Evensen

Alder: 25

Sivilstand: singel

Yrke: nyleg tilsett i Selstad, samt litt ekstrajobb i Gravferdshjelpa Nordfjord

Bustad: Vågsøy si perle, Refvik.


– Kva er du mest oppteken av?

Eg er mest oppteken av at dei rundt meg skal ha det bra, familie, venner osv. Og så er eg kanskje ein smule interessert i fotball og styrketrening.
 

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida mi går eigentleg bare i trening. Når eg er ferdig på jobb, så er det rett på Sprek365 (fantastisk senter), så er det fotballtrening etter det, og då blir det som regel senga etterpå.
 

– Kven beundrar du?

–   Eg beundrar eldsjeler som gjer ting for andre som dei egentleg ikkje får noko igjen for, anna enn godt samvit. Eg kan nemne to spesielle eg beundrar veldig, og det er Jon Georg Rutledal og Henning Vabø. På kvar sin måte gjer dei så mykje for TMFK at dei skulle hatt ei årslønn for det. Og så beundrar eg folk som tørr å gå sin egen veg, og ikkje bare køyre dette A4-livet alle meiner at ein bør leve.
 

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Eg har budd i Refvik i snart 5 år, her er eit fantastisk samhald i bygda og alle kjenner alle. Det er alltid kjekt å møte på ein nabo her ute.
 

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi forside ville det stått: Vågsøy-bedrifter satsar på lokal ungdom.
 

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Viss eg var ordførar for ein dag, så ville eg mest sannsynleg ha gjort det første ordførarar sikkert gjer -  å kose meg med ti kanner kaffi.
 

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Strandfestivalen 2017! Magisk oppleving.
 

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, vatn og noko  pynt mamma har lagt der.
 

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– TV2, Facebook, Snapchat og Instagram.
 

– Kva er meininga med livet? 

– Meininga med livet er å ha så mye moro du kan, leve i nuet og ikkje ta ting for gitt.