Dagens ansikt:

– Det er viktig å engasjere seg i lokalsamfunnet

Dagens ansikt

Namn: Anett Berg

Alder: 44 år

Sivilstand: gift, mor til fire gutar i alderen 13-19 år

Yrke: jobbar med rekneskap/løn på Båtbygg

Bustad: Måløy
 

– Kva er du mest oppteken av?

– Familien min opptek meg mest. At dei har det bra og får utvikle seg slik dei ønskjer.


– Kva gjer du på fritida?

– Dei siste åra er det politikk som har oppteke meg meg på fritida. Eg har sete i kommunestyret sidan 2011 for Høgre. Det er viktig å engasjere seg i lokalsamfunnet. Og så har eg vore veldig engasjert i fotball, i TMFK som oppmann og heiagjeng.


– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mannen min, Knut. Ein tålmodig og kjekk kar.


– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Vågsøy er at her er trygt og godt. At vi har familie og gode vener rundt oss. Vi har gode oppvekstvilkår og fritidstilbod for barn, unge og vaksne. Vi har mange flinke og engasjerte som legg ned mange timar som frivillig for at aktivitetar skal går rundt, og at det skjer ting i Vågsøy.


– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– 100 nye studieplassar til Vågsøy i regi av Høyskolen.


– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Etter fleire år i politikken, så veit eg at du dessverre ikkje får gjort så mykje på ein dag.


– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Tall ships races i 2008. Det var fantastiske dagar. 


– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg alltid ei bok og telefon.


– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg må innom VG, Aftenposten, NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende og Facebook.


– Kva er meininga med livet?

– Meninga med livet er å nyte kvardagen. Det er det det er flest av. Og at gutane mine, familie og venner har det bra, og ha det fint saman med dei.