Namn: Kenneth Kvalheim Nygård

Alder: 46

Sivilstand: gift

Yrke: seljar/partnar

Bustad: Oslo

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg har mest fokus på dei rundt meg og at dei har det bra, gjere så mykje som mogleg saman med familie og venner.. Dette er meininga med livet.

– Kva gjer du på fritida?

– I helgene brukar vi mykje tid på hytta, den bruker vi heile året. Ski om vinteren og fiske og turar om sommaren. I kvardagen er det litt meir hektisk og då er det treninga til ungen som er i fokus. Og ser eg ned, så skulle eg absolutt vore litt meir aktiv sjølv.

– Kven beundrar du?

– Det er mange eg beundrar, eg beundrar folk som bidrar og yter litt ekstra utover det som er forventa av eit medmenneske. Og så beundrar eg tolmodet til Liverpool-supportarane.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Oslo er ein fantastisk by, vi har det meste du kan ønske deg. Det gjeld berre å vere flink å bruke tilboda. Heime er jo også Måløy, og det er berre fantastisk godt når vi kjem heim, køyrer over brua og kjenner den friske sjølufta, og ikkje minst det å treffe mykje hyggelege og flotte folk! Men ingenting slår det å sitte i ein robåt på Ervikvatnet, kjenne lynglukta og vente på at det skal rykke i lina på oteren.. Magisk.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

«Det er meldt sol og sommar ut september, berre nokre lokale byger over dei lokale elvane og vassdraga i Nordfjord»

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då hadde eg kalla inn til ein offisiell «rydde plastikk-dag» langs kystlinja i kommunen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg har vore på mange show, men det mest spektakulære er nok nokon av dei eg har opplevd i Las Vegas, for eksempel Rock of Ages. Eg har veldig lyst å oppleve ei førestilling av teatergruppa i Måløy. Det ser ut som dei leverer kvar gong.

– Kva har du på nattbordet?

– Der har ein mobiltelefon, ei vassflaske og boka Jomsviking (elskar historier frå den tida)

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Nei,  det er mange, alt for mange! Ingen nemnt, ingen gløymt.

– Kva er meininga med livet?

– Sjå spørsmål 1.