Namn: Kari Myklebust Hjelmeland

Alder: 53

Sivilstand: gift med Arild

Yrke: Nordfjordklinikk1 og Operahuset Nordfjord

Bustad: Tverrgata på Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at Nordfjord skal vere ein bra plass for alle å bu. Det er gode opplevingar i heile Nordfjord. Ein kan til dømes surfe på Stadt, bade på Refviksanden, ete ein god middag på restaurant Aske på Eid og stå på ski på Strynefjellet i løpet av ein dag. Vi har «Alt i ein fjord». Det er så få og små kommunar i Nordfjord at skal ein markere seg ute i den store verda lyt ein stå saman. Er det noko som er større enn ein sjølv så er det fellesskapet. Ein må vere flinke til å bruke tilboda som finnast i regionen, ikkje minst handle lokalt. Slik er vi alle med på å skape næringsutvikling i Nordfjord. Eg vil også at eldre skal ha god mat, ein meiningsfull kvardag og vere i aktivitet so mykje som dei sjølv ynskjer. Eg er også veldig oppteken av kulturlivet på Eid. Mellom anna arbeider eg som vert på Operahuset Nordfjord og er barsjef på Malakoff Rockfestival og synes at dette er givande. Eg møtar fleire ungdomar i jobben min og eg ynskjer at dei får ein fin oppvekst i Nordfjord.

– Kva gjer du på fritida?

– Har lite fritid. Men eg trenar, er med familien og venner. I år har det blitt ein del skigåing på Harpefossen. Eg har ei mor som er 83 år og sprekare enn meg. Eg har difor eit mål om fleire fjelltoppar i sommar – kanskje i lag med ho.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mor mi, Ingebjørg, og ordføraren vår, Alfred Bjørlo. Dei står på for alle andre frå tidleg morgon til seine kvelden. Eg beundrar og familien min som tillèt at eg er so lite heime.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med å bu her er den fine naturen og samhaldet i bygda. Vi har eit kulturliv som er særs bra. Vi har alt vi treng innanfor veldig kort avstand. Eg er ein stolt eidar og nordfjording.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– At heile Nordfjord vert slått saman til ei kommune.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg ha ringt Alfred Bjørlo.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Den beste kulturelle opplevinga må vere når mannen min, Arild stod på scena på Operahuset Nordfjord og song Ingen er så nydeleg som du framfor 160 gjestar i mi 50-årsfeiring. Eg får ofte kulturelle opplevingar gjennom jobben min på Operahuset – det er fleire fine inntrykk – og vanskeleg å ta fram ei av desse. Eg er flink til å reise på kulturelle arrangement i heile Nordjord og det gjev meg stadig nye og flotte opplevingar.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei flaske Fjording.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– VG, Facebook, Visit Nordfjord og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Det må vere å ha ein god familie, gode vener og ikkje minst ha ei god helse.