Namn: Anne Liv Ervik

Alder: 60

Sivilstand: I eit forhold

Yrke: Dagleg leiar

Bustad: Ervik, Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av?

–  Fred og fridom, at alle har det bra.

– Kva gjer du på fritida?

–  Ferie i Spania, går tur, pleiar kjærleiken og tek vare på dei rundt meg.

– Kven beundrar du?

–  Mamma Sigvor Ervik, fordi ho er oppegåande, frittalande og ein sterk dame.

– Kva er det beste med heimstaden din?

–  Familien, bygdefolket og miljøet. Bygda Ervik i sin heilskap.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

–  Anne Liv ny ordførar for Stad kommune

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Eg ville ha malt eldretunet på Leikong.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Eg har heldigvis mange gode kulturopplevingar, men det er operaen Svanesjøen i St. Petersburg eg hugsar best.

– Kva har du på nattbordet?

Ei bok, mobil og vatn

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

–  Facebook og nettbank.

– Kva er meininga med livet?

–  Grip dagen!