Namn: Ina Giil Solheim

Alder: 32

Sivilstand: sambuar

Yrke: inspektør

Bustad: Bergen

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er opptatt av klima- og miljøsaker. Folk må spise mindre kjøtt. Det har ein stor klimagevinst. Og så er det bra for helsa i tillegg.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg likar å putle i den nye hagen vår og å drive med yoga.

– Kven beundrar du?

– Leonardo DiCaprio for sitt engasjement for klima, miljø og dyreliv og MDG-Lan som fortset å kjempe for dei sakene ho trur på, trass all hetsen ho har fått. Nina Jensen er også ei bra dame. Det er så mange flotte og inspirerande mennesker der ute!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen i Nordfjord er storslått. Eg elskar å dra ut i «Revikja» eller ut på sjøen i lag med familien når det er varmt og fint. Men ruskevêr i ytre kan vere flott det òg.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Vågsøy best i landet på berekraftig turisme!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville ha styrka eldreomsorgen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Den gongen eg og ei venninne pakka teltet og drog på Målrock. Vi sov ikkje eit sekund den natta blant alle dei fulle fjortisane, men musikken var bra og det var ein flott køyretur gjennom trivselsfylket.

– Kva har du på nattbordet?

– Vatn, lypsyl, mobil og eit par bøker.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– NRK, NRK Sogn og Fjordane og BT.

– Kva er meininga med livet?

– Å ha det bra og å gjere livet litt betre for andre også. Det skal ikkje så mykje til.