Namn: Andrea Lyng

Alder: 19 år

Sivilstand: singel

Yrke: elev ved Måløy Vidaregåande Skule

Bustad: Måløy

– Kva er du mest oppteken av?

– For tida står fokuset på å oppretthalde karakterane då det ikkje er lenge att av vidaregåande og eg skal søkje vidare studium.

– Kva gjer du på fritida?

På fritida gjer eg skulearbeid og jobbar i heimetenesta, i tillegg bruker eg mykje tid saman med venner og familie.

– Kven beundrar du?

Eg beundrar kjære, gode bestemora. Dersom eg kan være like godhjarta, omsorgsfull og hjelpsam heile livet som det ho er og alltid har vore, er eg lukkeleg. Eg beundra også mor, far, syster og bror høgt. Dei er til stor inspirasjon for meg.

– Kva er det beste med heimstaden din?

Det beste med heimstaden min er den flotte naturen, det enorme engasjementet, og at det er ein trygg plass med rein fridom.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– «Vågsøy er den mest attraktive kommunen i Sogn og Fjordane å flytte heim til etter endt utdanning på grunn av rikt og variert næringsliv som kan tilby jobb til dei fleste.»

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Dersom eg var ordførar for ein dag ville eg starta eit prosjekt med å nytte Torget i Måløy for å tilretteleggje pulserande aktivitetar, arrangement og andre samlingar for kommunens innbyggjarar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

Malakoff, eit bra arrangement kor ein treff kjente uansett kvar ein går.

– Kva har du på nattbordet?

På nattbordet mitt har mobilen min, fuktigheitskrem, ei flaske vatn og som oftast ei skulebok.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– fjt.no, Facebook og nettsidene til skulebøkene.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å vere til stades i kvardagen og skape glede ved små og store ting, både for meg sjølv og for dei rundt meg.