Namn: Christine Ramsevik Wik

Alder: 22 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: butikkmedarbeidar

Bustad: Raudeberg

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av at alle rundt meg har det bra, og at eg klarer å fullføre alle måla eg set meg. Eg vil ikkje sjå tilbake ein dag å angre på noko.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida er eg saman med familien min og sambuaren min. Og så har eg fem tanteungar som eg elskar å tilbringe tid saman med!

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mormora mi, Oddbjørg Ramsevik. Ho stiller alltid opp, uansett kva du spør ho om. Den dama er heilt rå!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er i naturen og folka som bur her. Det er så kjekt å gå på butikken og alltid treffe nokon å prate med! Så har vi dei finaste solnedgangane som finnast. Det synet blir vi jo aldri lei!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Måløy Stormarked får utvide, og skapar mange nye arbeidsplassar!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg ha gått ut i gata og høyrt med folk som bur her kva tilbod dei saknar, og prøvd mitt beste for å få det til.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere Måløydagane! Det er yrande folkeliv i gata, og det er bare gode minner knytta til det.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg ein handkrem, lypsyl og telefonladar.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er innom Facebook, FjT og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å kose seg og gjere det beste ut av det! Aldri utsett noko du virkelig har lyst til.