Namn: Stig-Hermann Hagen

Alder: 49

Sivilstand: Gift

Yrke: Lærar

Bustad: Kulen

– Kva er du mest oppteken av?

Jobb, fotball og kommuna sine planer på Kulatoppen. Ei vidare utbygging vil få store konsekvensar for lokalmiljøet vårt slik planene lesast no.

– Kva gjer du på fritida?

Trening av meg sjølv og andre. Periodevis blir det og ein del jobb på eigedomen.

– Kven beundrar du?

Eg har stor sans for dei som lever etter den gyldne regel. Det å vise hensyn og ha respekt for andre er avgjerande for å ha eit trygt og godt samfunn. Eit samfunn folk vil bu i. Beundrar dei som jobba hardt med å bygge infrastruktur i fylket vårt, bestefaren min var ein av desse vegarbeidarane. Krigsseglarane dukkar og opp i panna i denne samanhengen. Folk som brukar store delar av fritida si på andre når og opp i mitt hovud. Det kan vere alt frå å legge til rette for idrett, musikk til det flotte Måløyraidsenteret.

– Kva er det beste med heimstaden din?

Deknepollen er ein trygg stad og vekse opp i. Ein god skule og rikeleg med fritidsaktivitetar å velje i.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

Vegvesenet gjer Måløybrua sikrare for mjuke trafikantar. Vågsøy får 50 statlege arbeidsplassar.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

Ja , sei det... Kanskje invitert Osdal og Bjørlo på eit møte slik at eg kunne få 100 prosent kontroll på kva som var årsaka til at samarbeidet i Nordfjord (les: kommunereform) ikkje vann fram. Etter desse møta ville eg truleg tatt meg ein tur på Florø stadion og sett Obosliga.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

Norway Cup 2009 med Skavøypoll sitt guttelag.

– Kva har du på nattbordet?

iPad. Må sjå ein episode med Vikings for å finne roen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

Fjt.no, vg.no, haugenfotball.no, DNB eigedom og yr.no.

– Kva er meininga med livet?

Bruke dagen til noko positivt for seg sjølv og andre!