Namn: Sølvi Iren Haugen Leivdal

Alder: 46 år

Sivilstand: gift med Torbjørn, tre barn

Yrke: driv butikken Tore-Garden

Bustad: Leivdalen, Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– At alle rundt meg skal ha det bra, og at ein skal vere snille med kvarandre. Det er altfor lett i dagens samfunn å slenge ut ein ekkel kommentar på facebook eller andre sosiale medium. Prøvar å lære ungane mine at om du ikkje har noko positivt å seie, så ikkje sei noko i det heile tatt.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg likar å lese bøker, drive med praktiske ting som sy, snikre eller hagearbeid.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar mammaen min som alltid er utrulig positiv. Så beundrer eg mannen min som held ut med meg og alle dei rare påfunna mine.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Her er fritt og godt å bo. Mykje kjekke folk som står på og gjer at Eid er i god utvikling.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– At heile Nordfjord vert ein kommune.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Ringt til Alfred og bedt om råd, han er ein fantastisk ordførar som stiller opp på det meste og ser alle!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff i fjor da Kjartan Lauritzen spelte var heilt rått!!

– Kva har du på nattbordet?

– Alltid ei bok.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Første eg gjer kvar morgon er å sjekke www.Tore-Garden.no. Så brukar eg mykje facebook og instagram i forbindelse med butikken min, men må også innom aviser og tv2.

– Kva er meininga med livet?

– Å bruke tid på det som er viktigast for meg – familien. Gled deg over dei små tinga! Nyt kvar dag!