Namn: Bjarte Gangeskar

Alder: 51

Sivilstand: sambuar og fire born

Yrke: avdelingsleiar barnevern

Bustad: Breim – utflytta Raudebergar

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at born og unge skal få gode oppvekstvilkår og at vaksne som ser at born er utsett for omsorgssvikt, tek ansvar. Fjordenes Tidende sine lesarar forstår dette utan noko nærare forklaring.

– Kva gjer du på fritida?

– Leiar i det lokale idrettslaget. Eg er politisk aktiv og set i kommunestyre og formannskap. Notorisk avhengig av å meine noko om det meste og helst kommentere det dagstøtt på Facebook.

– Kven beundrar du?

– Fylkesordførar Jenny Følling og Atle Solheim. Fylkesordføraren fordi ho forstår rolla si og opptrer som fylkesordførar for alle, uansett parti. Atle Solheim for den fantastiske jobben han har gjort i Selje Idrettslag over fleire tiår, utan å framheve seg sjølv.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Folket. Fordi dei er lette å be om ein innsats og fordi eg hadde ikkje helde ut å bu på ein stad utan slikt folk.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

–«Folket i Vågsøy sluttar fred med kvarandre og kranglar ikkje lenger om Kinn kommune»

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Teke fri. Det er så lett å få meg til å meine noko om alt mogleg, også ting eg ikkje har greie på, at det beste for folket hadde vore at eg tok ut ein feriedag den eine dagen eg hadde fått oppdraget. På den andre sida så er det vel kanskje ein ordførareigenskap eg no skildrar?

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eit kor på over 50.000 personar som syng «You'll never walk alone».  Anfield Road, sjølvsagt. Og så kjem eg til å hugse NM i friidrett på Byrkjelo Stadion i august 2018. Men, det var vel ikkje heilt svar på spørsmålet?

– Kva har du på nattbordet?

– Hjelpemiddel eg er heilt avhengig av: Briller og mobiltelefon.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, VG, postlista til Gloppen kommune og NRK når dei ikkje streikar.

– Kva er meininga med livet?

– I respekt for at folk har ulike livssituasjonar så kan eg ikkje svare for andre enn meg sjølv. Og hadde eg hatt fasiten for alle, hadde eg vore i større aviser enn «Kavringen». For meg er meininga med livet å gjere det beste ut av kvardagen, å engasjere meg i det som skjer rundt meg. Og ikkje minst, ikkje ta meg sjølv så himla høgtidleg. Livet er for kort til å berre vere alvorleg.