Namn: Gry GulestølAlder: 49 år Sivilstand: gift med Morten GulestølYrke: kyrkjegardsarbeidar Bustad: Svelgen– Kva er du mest oppteken av?– Eg er oppteken av at dei rundt meg skal ha det godt. Eg er også oppteken av at det skal sjå fint og velstelt ut på gravplassene og at dei pårørende skal få ei god oppleving under gravferda. Det betyr mykje at det blir mest mogleg verdig for alle.

– Kva gjer du på fritida?– Eg har no fått så store barn at eg kan bruke ein del tid på eigentrening. Eg elskar å trene og å halde kroppen i form. Eg brukar mest tid i bassenget, elles blir det spinning, basisball, yoga og fjellturar. Det er ein fin måte å halde seg frisk, både fysisk og psykisk.

– Kven beundrar du?– Eg har vel ingen spesielle personer eg beundrar, men ser opp til Kåre Myklebust som brukar mykje av tida si til at det skal sjå fint ut i Svelgen sentrum. Elles prøvar eg å vere eit godt førebilete for eigne ungar.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Eg elskar heimstaden min. Det er ein trygg og god plass for ungane å vekse opp. Vi har ein fantastisk natur med mange flotte turmoglegheiter. Vi har eit fantastisk idrettsanlegg med mange moglegheiter for både barn og vaksne.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?– Nytt flott basseng i Svelgen.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Eg ville fått i gong planer om bygging av nytt basseng i Svelgen. Det gamle er over 50 år gammalt og har sett sine beste dagar. Vi er så heldige at vi kan utnytte fjernvarme fra Elkem Bremanger til drift. Bassenget skal vere 25 meter langt. Svelgen er kjent for å ha fostra mange gode symjarar, som har nådd heilt i landstoppen. Vi er snart dei einaste i landet som har 12,5 meter basseng. Det nye bassenget skal i tillegg ha terapibasseng, noko som ville glede alle reumatikarane i kommunen.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Den mest fantastiske opplevinga eg har hatt er konserten som vart heldt i Vetvika ein sommarkveld for nokre år sidan. Ei vakker badestrand ut i havgapet der tilkomsten er via føtter eller båt. Det var berre heilt magisk!

– Kva har du på nattbordet?– Alltid ei bok. Elskar å lese. Akkurat no held eg på med Blodskrift av Jørgen Jæger.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Yr, abc nyheter og ein liten tur innom Facebook.

– Kva er meininga med livet?– Det spørsmålet har eg stilt meg mange ganger. Eg veit ikkje om eg har funne svaret. Men når vi først er her må vi gjere det beste ut av det, og ta vare på kvarandre og jorda vår, og sørge for at vi har det godt.