Namn: Monika Kvamme

Alder: 46

Sivilstand: sambuar

Yrke: frukt- og grøntansvarleg på Bunnpris

Bustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Akkurat no er eg mest oppteken av at vi må ta vare på jordkloda vår! Redusere plasten, men ikkje berre når det gjeld plastikkposar. Vi må tenkje på kva kleda våre er laga av og om det er mikroplast i dei – også i velværeprodukta og vanlege hygieneartiklar vi nyttar. Vi har berre denne kloda, og det er mykje å rydde opp i etter oss. Eg er oppteken av dette fordi eg vil at etterkomarane våre skal ha ei leveleg jord i generasjonar etter oss også

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida skriv eg songar og taler på bestilling. Og eg prøver å vie all mi fritid på å skrive. Eg elskar det. Og så har eg nettopp blitt med i kostymegjengen på Opera Nordfjord. Og ja, så prøvar eg å lære meg å danse argentinsk tango. Og av og til så dreg eg kjæresten med meg på fjellet.

– Kven beundrar du?

– Mor mi, Møyfrid Kvamme. Ei sånn sterk og flott dame, alltid i godt humør, alltid velvillig. Ho gir aldri opp uansett kva so skjer og det er så beundringsverdig! Og ho er usjølvisk og audmjuk. Det er noko å strebe etter. Og så beundrer eg barna mine stort! Alf Ruben og Mathea Liv. So flotte og gode ungdommar, og dei lærer meg stadig nye ting. Flotte verdiar, karakter og integritet. Eg føler meg veldig takknemleg for desse to.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen!! Det er så fantastisk å bu slik at eg ser rett ut på fjorden. Og at ein kan gå rett opp på fjellet frå heimen sin. Rein luft, og reint vatn. Det er berre nydeleg!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Stad kommune kåra til årets miljøpioner!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Gjort eit uomtvisteleg vedtak som sørga for at ulike lag og organisasjonar og skular og barnehagar rullerte på å lage kjekke opplevingar på eldretun og sjukeheim gjennom heile året. Om so berre at dei var saman med dei gamle og dreiv med sitt og at det var ope for dei eldre å delta. Eller berre sjå på litt liv og røre. Folket inn i sjukeheimane!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Faktisk ei kulturskuleforestilling i Albufeira i Portugal for fleire år sidan. Det var så utruleg høgt nivå på dansinga, og ein slik perfeksjon som sette meg heilt ut. Eg og dottera hadde forvilla oss dit blant berre portugisarar. Resten var vel familiemedlem til dei som dansa, men det var utruleg flott!

– Kva har du på nattbordet?

– To-tre bøker eg har begynt på, det varierer kva eg har lyst å lese til ei kvar tid. Så har eg draumedagboka klar – så eg kan skrive ned det eg drøymer for så å tyde dei. Og så dagboka, penn, mobilen og ei vatnflaske.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, instagram, youtube, mail. Og sikkert en heil del meir…

– Kva er meininga med livet?– Å ha det godt. Med seg sjølv, og med dei næraste. Meininga med livet er å vere seg sjølv 100 prosent og å gjere det som gjer ein glad.