Namn: Gro Caroline Flølo

Alder: 36

Sivilstand: sambuar

Yrke: designer

Bustad: Måløy

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av fleire ting, men er spesielt bekymra for mengden av plast i havet. Ein gong eg og kjærasten min Vegard gjekk langs fjæra til Skongsnes fyr vart vi heilt matte av all plasten som låg ved stien. På vei tilbake hadde vi ikkje samvit til å berre gå forbi og tok med oss det vi kunne rydde og bære. Det er eit stort problem, men alle kan gjere litt. Om dagen er eg opptatt av å redusere eige plastforbruk.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg kunne vore flinkare å slappe av, men det eg likar aller best er å være med familie og venner, ta ein tur i fjellet, eller treningsfavoritten – rundt øya på rulleski!

– Kven beundrar du?

– Det er fleire, men mest av alt beundrar eg mine foreldre, fordi dei er det fantastiske teamet dei er. Hardtarbeidande, med ein driv for å skape og legge til rette for eit godt og trygt liv i lag med barn og barnebarn. To klipper i livet for meg og mine søsken, der ord blir fattige for å beskrive kor viktige dei er for oss. Beundrar elles generelt dei som virkelig brenn for noko, med ønske om å skape. Å gjere det dei likar best og våger å køyre på!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Eg har to heimstadar – Loen og Måløy. Så eg føler meg utruleg heldig som kan seie at eg får det beste frå to verder naturmessig – frå bratte fjell og dalar til kysten sitt temperament med storm i kasta, sandstrender, klipper og ope hav. Det beste med å bu her i Måløy er naturen, kort veg til det meste, hyggelege folk og spennande næringsliv!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Vågsøy – kåra til Norges beste plass å bu og skape!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– «Rome wasn`t built in a day». Eg er nok litt optimistisk til éin dags arbeid, men om eg kunne få éin dag og sett i gang ein prosess kunne eg tenkt meg å teikna opp Vågsøy i 3D slik det skal sjå ut i 2028 – 10 år frå no. Samla alle med ønske om å skape, som ber på gode planar og idear innan næringsliv, sentrumsutvikling, reiseliv, kultur, skule, idrett m.m. Alt samla i eit visuelt bilde på kor vi skal vere i 2028. Det er mykje makt i det å framstille tankar og idear visuelt, og eg håpar framtidsbildet ville skapt entusiasme, styrka samarbeid og stoltheit for målet vi skal nå i felleskap - Norges beste plass å bu og skape!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Øyafestivalen 2004 med Ralph Myerz & the Jack Herren Band, det var fyrverkeri og mi beste konsertoppleving før og sidan.

– Kva har du på nattbordet?

– Boka Sauebondens liv av James Rebanks. Ei fortelling om hardtarbeidande bønder på den engelske landsbygda, ei fortelling om å kjempe for å bli. Veldig fin lesning.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– VG, NRK, Facebook, E24, Nett.no, fjt.no, fjordingen.no

– Kva er meininga med livet?

– Det er fleire ting i samspel. Det viktigaste er familie, kjærleik og venner, den trygge basecampen i livet og ha den å leve og reise utifrå. Utan dette ville det vore meiningslaust. I tillegg er det flest kvardagar i livet, og her må ein ha det kjekt – derfor er det viktig å ha ein arbeidsplass og eit yrke ein trivst i. Det gir meg mykje meining å få skape og utfolde meg kreativt, med nye oppgåver og utfordringer kvar dag. Få påvirke, overraske og skape gode opplevingar og resultat for andre gjennom arbeidet. Viktig er også plassen eg bur på. Det gir meg meir meining å bu her enn i ein storby, og dette utdraget frå boka Sauebondens liv trefte meg:

«Farfar dro en gang så langt som til Paris for å delta på en landbruksmesse. Han visste hva byer kunne tilby, men hadde også en følelse av at de gjorde folk rotløse, anonyme og herset med av verden omkring, enn å gi frihet og kontroll over eget liv. Den potensielle rikdommen byer kunne skilte med, veide ikke særlig tungt i forhold til følelsen av tilhørighet og mening som fantes hjemme.»