Namn: Rune Hanebrekke Alder: 48Sivilstand: giftYrke: kundemottakar på Stårheim bilverksted Bustad: Remmedalen, Stårheim – Kva er du mest oppteken av?– At barn og unge skal få eit gratis tilbod for idrett og kultur. Leigesatsane til kommunene i dag er så høge at ikkje alle foreldre har råd å la ungane bli med på idrett og kultur.

– Kva gjer du på fritida? – Eg er leiar i Eid Handball, så mykje av fritida går med til det.

– Kven beundrar du? – Alle frivillige som jobbar med barn og unge. Dei blir alt for sjelden sett pris på.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Vi har nydeleg natur, Eid er blitt eit solid midtpunkt i Nordfjord. Vi har trygge oppveksforhold for ungane våre.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Eid kommune gir barn og unge gratis leige av kommunale bygg til idrett og kultur.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Laga ein fest for å vise at vi set pris på alle dei frivillige som gjer en uvurderlig jobb med barn og unge.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Åge Aleksandersen som spelte i den då nye fellesfjøsen på Hauane.

– Kva har du på nattbordet? – Mobilen. – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – VG og Finn. – Kva er meininga med livet? – Å ta vare på kvarandre!