Dagens ansikt:

– Eid er ei lita bygd med store draumer

Dagens ansikt

Namn: Marianne Hennøen

Alder: 28 år

Sivilstand: privat

Yrke: assistent

Bustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av å ta vare på barna mine, og passe på at dei har det bra. Alt anna kjem liksom litt lenger ned på prioriteringslista.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg har i grunnen veldig lite fritid. Eg har to aktive skulebarn, og eg brukar mesteparten av tida mi på dei. Eg kunne sjølvsagt gjort noko etter at barna har lagt seg, men då er det så godt å krølle seg saman på sofaen med eit koseleg strikkeprosjekt frå EidMiljø.

– Kven beundrar du?

– Familien min.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Alt. Eg synest det er heilt fantastisk å spasere gjennom sentrum, og sjå alt det vesle Eid har klart å få til. Vi er ei lita bygd med store draumar, og vi gir oss ikkje før vi når dei.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Skulle eg fått laga mi eiga framside i Fjordenes Tidende ville eg hedra ein helt fantastisk mann med namn Mons Sandnes. For nokre månadar sidan var eg så heldig at eg fekk delta på mi aller første Monsiade, og eg stod der med tårer i auga. For ein mann, for ein dag, og for eit opplegg. Det var helt magisk, og eg synest han fortjener ein medalje. Eit større hjarte skal du leite lenge etter.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Sanninga er at eg ikkje hadde ønska å ta rolla som ordførar for ein dag. Det er store sko å fylle, og det ville eg aldri klart. Eg synest ordføraren gjer ein fantastisk jobb, og eg synest han skal få halde fram med det. Han er ein god mann, som vil det beste for alle.

Men hadde eg fått utdelt rolla, ville eg brukt dagen på dei menneska som fell litt utanfor. Det er så mange menneske med psykiske og fysiske funksjonsnedsettingar som treng å bli sett. Der finnast heldigvis ulike arrangement i nabokommunene som dei frå Eid får lov til å delta på, rett og slett fordi der ikkje finnast tilbod her. Ei stor takk til Stryn som let oss komme på diskotek kvar mandag! Men eg kjenner eg blir trist når eg høyrer at kommunen ikkje klarer å tilrettelegge slik at alle får vere med. Eg synest alle burde ha rett på transport til og frå, utan å måtte ta frå sine eigne støttekontakttimer. Så det ville eg ha gjort noko med!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Då eg tok med meg jentene på utandørs teater for nokre år sidan. Det var første gang eg var på teater, og eg fekk dele denne spesielle augeblinken med barna mine. Vi hadde det kjempegøy, og lo mykje.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt har eg faktisk ingenting.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Det er som regel Facebook og bloggen.

– Kva er meininga med livet?

– Å fylle hjertet med mange små gleder. Tilbringe tid med alle dei menneska du er glad i. Skape gode minner som aldri vil forsvinne. Leve livet, utforske verda rundt deg og bare vere deg sjølv. Lære at du er god nok, akkurat som du er.