Dagens ansikt:

– Eg har det bra når andre rundt meg har det bra

Dagens ansikt

Namn: Stine Helen Andal

Alder: 33 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: merkantil konsulent hos Bedriftshelse1

Bustad: Florø, men kjem frå Kalvåg

– Kva er du mest oppteken av?
– Eg er oppteken av at andre rundt meg skal ha det bra, for då har eg det bra.

– Kva gjer du på fritida?
– Eg er trebarnsmor, så mykje av fritida mi går med til dei og elles å vere med gode venner.

– Kven beundrar du?
– Mamma og pappa. Det finnast ikkje mange som er slik som dei. Elles må eg vel trekke fram sambuaren min fordi han held ut med meg. Det er ei bragd, haha.

– Kva er det beste med heimstaden din?
– Eg er oppvaksen på Hamrøyna som er ei lita perle i Kalvåg. Det beste med plassen må vere sjøen, mamma og pappa. Dei gjev meg ei indre ro.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?
– Regjeringa løyver meir pengar til helse- og omsorgssektoren.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?
– Tatt alle einsame eldre med meg på Knutholmen for å ete middag.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?
– Tur til New York i 2017.

– Kva har du på nattbordet?
– Hehe… No kan de lure.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?
– Vg.no, fjt.no, firdaposten.no, instagram og facebook.

– Kva er meininga med livet?
– Prøve, feile, le, grine, nyte og elske.