Dette innlegget er skrive av Jon Anders Stavang frå Florø, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 14. mars:

– Flora kuppar Kystvegen

Kystvegen mellom Bergen og Ålesund har potensial til å verte ei rask transportline for folk og produkt frå kysten. Det har ein skjøna i nord og sør. I Sunnfjord derimot, liknar dei utgreidde traseforslaga meir som korketrekkjarar (alternativa ligg på sfj.no). Verst er forslaga frå Florapolitikarane. Her skal Kystvegen gjere ei ekstrasløyfe på kostnad av behova til Bremangar, Vågsøy, den nye storkommunen «Førde», og alle andre kommunar i regionen mellom Bergen og Ålesund som skal ha denne vegen som livsnerve.

Men Vegvesenet har skore igjennom og føreslege den mest tenlege traseen, det såkalla Grov-alternativet. Den er raskare, nyttar delar av eksisterande vegar, blir billegare, kjem fleire til nytte og øydelegg mindre natur.

Det gjer ikkje inntrykk på politikarane i Florø, kan vi lese i Firdaposten. Florø har andre interesser enn fellesskapet sine. Dei ynskjer at storsamfunnet skal subsidiere dyre bruer for å realisere næringsareal som i utgangspunktet er altfor dyrt å utvikle, og som det ikkje finnast dokumenterte behov for, ved å forlenge Kystvegen ut til Florø og så inn att til Myklebustdalen.

Vikarierande argumentasjon for å få dette til er mellom anna at lokalpolitikarane ynskjer at Florø-folk skal bu i Florø og jobbe i Måløy. Måløyværingane på si side, skal pendle på veg til Florø for å jobbe, og helst reise med fly for å auke trafikktala på flyplassen. Ein kallar det ein felles bu- og arbeidsregion for den nye kystkommunen Kinn, som skal omfatte Flora, Vågsøy og helst Bremanger. Då overser ein sjølvsagt at potensielle arbeidstakarar i området Måløy, Svelgen, Eikefjord og Førde får lengre reisetid til dei andre stadane ved å køyre omveg til Florø. Ein ignorerer også at næringslivet elles på kysten av Vestlandet, som ikkje skal innom Florø, får lengre reiseveg, med tilsvarande auke i klimagassutsleppa. Og at ambulansane med sjuke og fødande i Bremanger får lengre veg til sentralsjukehuset i Førde.

Ein større kystkommune kan vere ein bra ting. Denne veka stod ordførarane i Vågsøy og Flora på scena og proklamerte at den nye storkommunen dei vil lage skal vere leiande på miljø og klima. Dei feilar i første forsøk; dei skal jobbe for ein trase som vil øydelegge verdifull kystnatur, legge til rette for meir pendling og utslepp, og auke flytrafikken frå Florø. Blir pendlarlivet malen for det gode liv i den nye storkommunen?

Eit anna klimaparadoks i det heile er at i dei same to kommunane og Bremanger har avsett enorme areal til bygging av industriområder med vindturbinar. Utbyggingar som vert sett på som klimatiltak. I fjella nord for Florø skal vi få industriområde med eit planområde på 34 km2. Det er eit område tilsvarande om lag 4 800 fotballbaner. For å kome ut av støysonene i fjella blir turfolk og dyr pressa ut i randsonene mot sør. Florø vil med sin «private» kystvegtrase sende trafikken inn i denne urørte naturen. Naturen skal sprengast til næringsareal, og støysonene vil overlappe med industriarealet i fjellet. Vegen vil fungere som åtakspunkt på resten av landskapet her. Og naturen og dei som er glad i den, vil tape. Ironien er bitande; vegpolitikken vil auke utsleppa og undergrave dei påståtte klimagevinstane frå vindindustriområdet som no skal ta over fjellheimen i den nye storkommunen. Kan verkeleg ei gruppe sentrale personar i Florø lukkast med sin strategi om å kuppe Kystvegen, ein strategi som totalt overser naboane sine ynskje, og som ignorerer natur-, klima- og miljøomsyn? Og vil resten av regionen akseptere slikt spel? Eg håpar verkeleg ikkje det.