Biblioteket er no blitt litt meir ditt. Med meirope bibliotek gjev vi best mogleg tilgang til lesaropplevingar, kunnskap, fred og ro, og ein gratis møteplass – for alle.

Meirope bibliotek lar folk bruke tid på biblioteket når det passar dei best. Heile dagen, alle dagar, heile året. Vil du besøke biblioteket før du går på jobb eller skule, i ventetida før du skal reise heim med båten til øya du bur på, eller du treng ein stad å vere anten det er grå kvardag eller raud heilagdag: No er biblioteket der for deg 15 timar i døgnet, 365 dagar i året.

Folkebiblioteka i Måløy og Florø har til no hatt eit tidsmessig avgrensa og lite fleksibelt opningsregime. Opningstidene har vore lite tilpassa til dømes dei som har arbeidstid mellom klokka 8 og 16, og dei som bur i utkantane av kommunen.

I oktober 2019 sende eg inn ein interpellasjon til kommunestyret i Kinn der eg argumenterte for kvifor Venstre ville at Kinn kommune skulle innføre meirope bibliotek. Eit samstemt kommunestyre var samd i at dette var ein god idé. Korona og anna har ført til utsetting, men endeleg kom løysinga på plass no i juni. Meirope bibliotek er eit svært konkret døme på at kommunen tilpassar seg innbyggjarane sine behov. Som innbyggjar underteiknar du ei kontrakt for bruk. Lånekortet fungerer som ein nøkkel som gjev deg enkel tilgang til bygget. Kommunen har tillit til at innbyggjarane vil bruke dette på ein fin måte. Blir tilbodet mykje brukt kan vi gjerne utvide tilbodet ytterlegare.

Meirope bibliotek handlar ikkje berre om å gje dei leseglade superbrukarane mest mogleg tid på biblioteket. Fleire stadar i landet har dei erfaringar med at julaftan og liknande høgtidsdagar, der mange diverre kjenner ekstra sterkt på einsemd, er dei dagane som blir mest brukt. Det seier noko om djupna i dette tiltaket: Som byggjer fellesskap og bryt ned utanforskap. Eg håpar dette utvida tilbodet blir til glede for mange!