Vis leiarskap, Oldeide!

I eit lesarinnlegg set Geir Oldeide i alt 17 spørsmålsteikn, og inviterer til tekstanalyse om kva eg meiner. Eit velmeint råd til Oldeide er at han heller gjev innbyggarane svar. Det er ikkje fleire spørsmål innbyggarane trenger no framover, ein må få vite korleis framtida blir ved ei eventuell deling og der har Geir Oldeide eit særleg ansvar.

Når det kjem til forsvarleg prosess inn mot eventuell deling, nyttar det ikkje å peike på departementet. Kommunal- og distriktsdepartementet har ikkje argumentert for at prosessane er ansvarlege eller gode, men det er den tidslinja ein må følgje dersom ein skal dele innan 1.1.2024. Det er kommunestyret som avgjer om prosessen er god nok.

Det er heller ikkje slik at kommunestyret kan peike på ein rapport frå BDO, Telemarksforsking eller Agenda Kaupang når det kjem til å konkludere om framtida. Å ha tiltru til Statsforvaltaren fritek ikkje den enkelte kommunestyrerepresentant i å fatte eit standpunkt på sjølvstendig grunnlag.

Det er difor vi er valt inn i kommunestyret, det er difor vi er folkevalde. Er ein oppteken av demokrati og lokalt sjølvstyre så deleger ein ikkje avgjersler til verken konsulentselskap, politisk leiing i Kommunaldepartementet eller Statsforvaltaren.

Eit fleirtal i kommunestyret har sett i gong ein delingsprosess etter inndelingslova. Geir Oldeide og Raudt har vore tydelege på at deira motivasjon er deling, ikkje utgreiing. Det betyr at vi snart må få vite korleis kva Oldeide tenker om framtida. Det er viktigare enn kva eg tenker.

Eg har vist med vedtak og politikk at det er ein sterk kystkommune eg vil bygge og eg vil fortsette med den fordi eg er overtydd om av regionen og innbyggarane våre er tent med den.

No må Oldeide vise leiarskap og peike på alternativet. Det inneber korleis samfunnet, tenestene, økonomi, investeringar, fagmiljø etc, skal utvikle seg. Dette vil vere viktig framover dersom du vil invitere innbyggarane til å velje.