For meg og KrF verkar det så urettferdig at det skal vere så store forskjellar i straumprisen i Noreg, og at drivstoffutgiftene skal vere så høge.

Det er snart haust og regjeringa har arbeidd med desse sakene eit halvt år utan at det har skjedd noko som helst.

Mange av oss, kanskje dei fleste, har råd til å betale prisane vi har i dag. Men det er ei stor gruppe som slit med å klare utgiftene til det daglege forbruk.

Desse utgiftene vil berre auke utover hausten, og forskjellen vil berre bli større. Temperaturen går ned, vi blir meir avhengige av å bruke straum og vi må køyre meir bil. I tillegg aukar matprisane.

Eg har heile tida meint at det må gå an å komme fram til ein makspris på straum, mellom 30 og 40 øre per kWh, slik at private og næringslivet kan få rammevilkår på kor store utgifter ein har. Dette burde vere enkelt å få til når staten har hatt store inntekter i denne perioden.

Det er også eit stort tap for samfunnet at kulturbedrifter må stenge og ikkje klarar å starte opp igjen. Kulturbedrifter innan kunst og trearbeid, servicenæringa, bedrifter innanfor metall, glas og bakeri vil bli borte for alltid.

Det er merkeleg at ei regjering som hadde så store lovnader om det meste ikkje har klart å få orden på dette. Det har på mange måtar vore ei vanskeleg tid, med krig i Ukraina, men det er ikkje god nok grunn til at regjeringa ikkje kan hjelpe det norske folk. Vi får tru at dei punkta eg har vore inne på vil bli retta opp med det første. Eg kan ikkje godta dei store negative sosiale utslaga som desse store utgiftene fører med seg.