Om det å forskreve seg

Eg tykkjer det er ein dårleg tanke å legge fleire fjordgap og høge fjell mellom folk som skal drive ein gard i lag. Kinn kommune har i tillegg ein fot i kvar sitt fogderi, kvar sin kultur, ein frivillig umusikal spagat. På kjøpet får vi eit utal av ukjende faktorar, som gjer eit slikt eksperiment til ein risikosport, enten ein vil det eller ikkje. Intensjonane er likevel dei beste, ingen tvil om det.

Namnet til kommunen kjem frå øya og kyrkja der ute i vest, milevis utanom allfarveg. Det er nesten som om namnet Kinn vert eit illustrasjon på heile prosjektet. Går vi attende i historia, var nok kyrkja ein verkebyll for kyrkjefolket, og særleg for soknepresten på «Øvre Floren Gård», som med jamne mellomrom måtte setje livet på spel i open båt ut til kyrkja for å forrette til kyrkjelyden. Geografien gjorde staden nærmast umogleg. Men i motsetnad til Kinn kommune av i dag, lyt vel ei viss prinsesse vestaifrå ta heile ansvaret aleine. Og ikkje ein gong dèt er sikkert…

Slike raritetar i styre og stell florerte i gamal tid, og var sjeldan basert på demokratisk sinnelag eller vetige prosessar. Men den gamle embetsmannsstaten var visseleg føre til litt av kvart, og særleg om kyrkja fekk eit ord med i laget. Konsekvensane var slett ikkje rimelege, men på sitt vis logiske og forståelege.

Men mysteriet er korleis i alle dagar slike ville idèar om å trasse geografi og folkelynne kan slå rot i ei opplyst tid som vår? Det er trass alt politiske vedtak som ligg bak her, ein villa politikk.

Vi kan dokumentere gangen i det: Solberg-regjeringa ville ha store, «robuste» einingar i alt dei foreslo, og her var fylkes- og kommunesamanslåingar eit hovudtrekk i måten staten no skulle organiserast på. Og Ap-regjeringa følgde opp: Gulrota var sjølsagt løyvingar, pengar til dei som ville vere med på kalaset. Flora kommune fann ikkje naturlege naboar; Førde ville styre løpet sjøl, og Bremanger ville ikkje dele arvesølvet i kraftkroner med andre. Flora stod sjakkmatt, men skulle ein vekse seg stor, måtte ein legge ut på ei lengre reise, og Vågsøy var einaste aktuelle kandidat på friarferda.

I flg. Wikipedia er definisjonen på ein kommune, sitat: «En kommune (tidligere kalt primærkommune) er et geografisk avgrenset område( mi utheving) som utgjør en egen politisk og administrativ enhet innen en statsdannelse». Vågsøy og Flora kommune er neppe det samfunnsvitarar vil definere som «et geografisk avgrenset område». Då må ein tolke definisjonen som Fanden tolkar Bibelen. Vel, så dreiv enkelte resurssterke og pågåande politikarar, bedriftsleiarar (og byråkratar?) samanslåinga fram, og fekk til kompromiss. Men fasiten har etter mi meining blitt eit strålande døme på at eit kompromiss først er fullkome når begge partar får det dei ikkje vil ha.

Det er mykje meir å seie om alt dette; det eine folkeslaget er ikkje bedre eller dårlegare enn det andre. Men: Det er prega av store kulturskilnader, ofte med påfallande mangel på kjennskap til kvarandre. Vågsøyværingane er i store trekk etterkomarar av linefiskarar, fiskekjøparar, bu-arbeidarar, verkstadfolk og driftige reiarar og servicefolk, og har alltid hatt ansiktet snudd mot havet, som oftast i hard konkurranse med andre. I Florø var vi frå gamalt av nærmast eit underbruk av Bergen. Så kom skipsbygging og oljealder og berga oss, vi fann nevenyttige og arbeidssame småbrukarsøner i fjordane og øyane rundt oss, og utvikla næringslivet mykje basert på dette og tilflytta gründarar. Om desse demografiske, historiske trekka kan forklare ka folket i dei to gamle kommunane meiner i dag er uvisst, men heilt utan vekt kan det nok ikkje vere.

Så har vi David/Goliat-syndromet: Vågsøyværingane kjenner nok på at dei ikkje får nytte av dei store, planlagde investeringane og vedlikehaldskostnadane i Florø by, det vere seg fotballhall, svømmehall, gymsal, nytt rådhusprosjekt, sjukehusområdet osb. Det er alt samfunnsgoder som i praksis er tilgodesett folket i gamle Flora kommune, og Vågsøyfolket kjenner seg underlegne allereie no. Det er rimeleg, og vanskeleg å bøte på.

Eit anna moment er framtidsfrykt for at ilt blod vil spreie seg, noko som vi ser det allereie har gjort. I det heile samlar det seg etter mi meining opp ei heil horv med detaljar og gode argument for å halde på dei to kommunane som dei var, men plass og tid til alt slikt strekkjer ikkje til her. Konklusjonen min er likevel enkel og grei: Vi veit ka vi hadde, men ikkje ka vi får. Å kjære Bremanger: Så synd at du hadde alle kraftkronene dine…

Det kostar for mykje å reversere kommunesamanslåinga, høyrer eg. Kanskje det, men kor stor tilleggskostnad dette vert i det lange løp, veit ingen. Kanskje vil den nye storkommunen med sine sauka midlar, byggekåte politikarar og tilhøyrande gigantiske investeringsplanar (alarmen har allereie skingra, og mykje vil ha meir) bli vel så utarmande som at kvar kommune vert herre i eige hus, og kan tilpasse investeringane etter det ein har til rådvelde. Dessutan: Skal svevande finansanalyser vere meir tungtvegande enn lokaldemokrati, samhald og framtidstru? Det kan lett verte eit større tapsprosjekt enn ein anar når historia skal oppsummerast.

Til slutt, avisinnlegg og intervju har florert i Firdaposten den siste tida, og mest alle har stått for nei til reversering. Det kan sjå ut som om ein god del av desse aktørane, det vere seg politikarar, næringslivsfolk eller byråkratar, har personleg vinning eller prestisje som drivkraft i saka, og derfor ein slik ubendig trang til å ytre seg høgt og lågt, om att og om att: Lukke til, men spar meg for utbrudda, folk flest kan kunsten å lese mellom linjene.

Det er er i det heile noko skit å forskreve seg. Berre broka held..