Jo større, jo betre synest å vere eit mantra som går igjen. Og viktigheita av store robuste fagmiljø med høg kompetanse blir heile tida påpeika. Som om at små fagmiljø ikkje har kompetanse. Men er det slik da? Er det slik at størrelsen på fagmiljøa gjev betre kvalitet på tenestene og meir fornøgde brukarar? Er det slik at tenestene i små kommunar i distrikta manglar kompetanse?

Ja, det er krevjande å rekruttere rett kompetanse til Kommune-Norge. Ei undersøking NORCE har gjennomført i Rogaland i 2019 syner at også store kommunar har store, og til dels større utfordringar enn små kommunar, når det gjeld rekruttering, kapasitet og kompetanse på sentrale tenesteområde.

Så korleis står det til med tilfredsheita med tenestene i små vs. store kommunar? Lars Chr Monkerud og Rune J. Sørensen (Norsk statsvitenskapeleg tidsskrift 2010) viser i si undersøking til at folk er meir tilfredse med dei kommunale tenesta i små kommunar med lågt folketal enn i folkerike kommunar. Dei peikar på fleire årsaker til dette. Økonomi kan vere ei forklaring. Små kommunar har høgare frie inntekter enn store kommunar, også når det vert teke omsyn til demografi, busettingsmønster og stordriftsfordelar knytt til å produsere tenester i ein folkerik kommune.

Såheim og Fjermeros (1997) finn i sin studie at tilfredsheita med ulike omsorgstenester er størst i mindre kommunar, mens tilsvarande størrelseseffektar ikkje finst for andre tenesteområde. I Balderheim mfl. (2003) si undersøking minkar tilfredsheita med dei fleste kommunale tenester med aukande kommunestørrelse (unntak her er kultur- og fritidstilbod).

Kan det vere at små fagmiljø yter det «vesle ekstra»? For ofte kjenner ein brukar, eller møter vedkomande på butikken på veg heim frå ein lang arbeidsdag. Denne nærleiken gjer noko med offentleg tilsette. Vi kjenner på eit ekstra ansvar for våre «nære». Jau då, små fagmiljø er meir sårbare. Men stabiliteten hjå tilsette er ofte større. Folk blir i jobbane sine. Ved ferie og fråvær gjer ein seg tilgjengelege om det skulle vere noko spesielt og uventa. Dette er underteikna si oppleving etter 20 års arbeidserfaring frå 4 ulike kommunar, med innbyggjartal frå 2800–17200. I alle kommunane, uavhengig av størrelse har stillingane vore fylt med menneske med rett fagkompetanse.

I større fagmiljø blir ofte ting meir stykkevis og delt. Ein person har ansvar for det, ein anna for noko anna. I små fagmiljø har alle ansvar for alt. Same person er ansvarleg for prosessane frå start til slutt. Faren for å gleppe pga. kommunikasjonssvikt blir mindre, og saksgangen smidigare fordi ein slepp å vente på at ein annan person skal følge opp vidare når du er ferdig med ditt. Jo fleire flaskehalsar, jo større er faren for at ting stoppar opp og jo seinare går det.

Kinn senterparti er trygge på at ved ei eventuell deling av Kinn kommune vil begge dei nye kommunane vere i stand til å gje sine innbyggjarar forsvarlege og gode tenester, og at både politikarane og dei tilsette vil ha dette som mål.

Små fagmiljø = effektive, fleksible, oversiktelege og gode fagmiljø!