(Du les no ein leiarartikkel som uttrykker Fjordenes Tidende si meining).

Å vere utan mobildekning i ein kort periode kan vere irriterande, men når det varer over ei veke er det frustrerande. Då kan det gå på helsa laus. Utan mobildekning er ein isolert, og ein får heller ikkje ringt etter hjelp om ein treng det.

Skjærtorsdag slutta Telia sitt mobilnett å fungere på Flatraket, Silda, Barmen, Nordpollen, delar av Nord-Vågsøy og delar av Stadlandet. Fjordenes Tidende hadde jamleg kontakt med Telia gjennom heile påska. Svaret var at det skulle bli retta i løpet av neste dag. Same svaret fekk vi heilt fram til 2. påskedag. Då fekk vi vite at feilen ikkje ville bli retta før tidlegast ei veke etter at feilen oppstod.

Det er oppsiktsvekkande at mobiloperatøren treng over ei veke for å rette feilen. Kundar står med det ei veke utan å få dei tenestene dei betalar for. Dette går ut over tryggleiken til kundane sidan dei i ikkje får ringe til verken legevakt eller dyrlege om dei har behov for det.

Når Fjordenes Tidende spør mobiloperatøren kvifor dei treng over ei veke på rette feilen, svarar dei at dei skal klatre opp i ei mast og må kalle inn ekstra mannskap.

Dette er ikkje første gongen at eit område i vårt distrikt er utan mobildekning i ein lang periode. Nokre gongar er det ei naturleg forklaring på at det tek lang tid å rette opp feilen, og andre gongar ikkje.

Når ein feil oppstår, og ein leverandør ikkje kan levere varene, forventar vi i det minste at kundane får informasjon. Vidare kan ein forvente at kundane får eit alternativ fram til feilen er retta. Sist og ikkje minst må kundane vere trygge på at dei blir tatt på alvor, og at leverandøren verkeleg prioriterer å få retta feilen så fort som mogleg.

Vi forventar at ein stor mobiloperatør som Telia har ressursar og vilje til å reparere feil så fort som mogleg, sjølv om feilen oppstår i ytre Nordfjord ei påskehelg.