Tannlegevakt i heile fylket

Om du får akutte tannproblem i Bergensområdet kan du oppsøke tannlegevakta og få hjelp. Eit slikt tilbod finst ikkje elles i fylket. Slik kan vi ikkje ha det. Vestland Venstre vil utvikle dette tilbodet og sørge for eit mest mogeleg likt tilgjengeleg tilbod i heile fylket.

«Sogn og Fjordane har ikkje tannlegevakt grunna dei store avstandane du då må reise for å få akutt hjelp. Treng du akutt hjelp utanom opningstid kan du prøve å ringe tannlegane i ditt område privat ved hjelp at telefonkatalogen. Tannlegen vil stille opp om han eller ho har moglegheit til det.» Denne informasjonen går att på fleire kommunar sine nettsider.

Eg tvilar ikkje på at dei tilsette i tannhelsetenesta, både den private og den offentlege, strekker seg langt for å hjelpe også utanfor ordinær opningstid. Ein kan likevel ikkje bygge eit så viktig helsetilbod på at «tannlegen vil stille opp om han eller ho har moglegheit til det.» Det er ikkje ei god ordning korkje for den som treng hjelp, eller den som vert kontakta for å yte slik hjelp.

Mellom fleire døme på at dagens ordning har store manglar, så kunne vi i 2020 lese i Sogn Avis om Therese (22) frå Leikanger, som måtte reise til Bergen for å få tannlegehjelp fordi ho fekk behov for hjelp i påska – utanfor opningstidene til tannlegekontoret i Sogndal.

Vestland fylkeskommune må sørge for å etablere ei meir robust og operativ teneste nærare folk, som gjer at innbyggjarane kan få tannlegehjelp nærast mogleg der dei bur om dei treng tannlege utanfor ordinær opningstid. Det er ikkje mindre vondt og vanskeleg å ha akutte tannproblem på julaftan, enn på dagtid ein tilfeldig onsdag i mars.