Stans nedlegginga av ettermiddagsending frå NRK Sogn og Fjordane

NRK spelar ei heilt sentral rolle i formidling av nyhenda i Sogn og Fjordane. Den gode distriktsformidlinga frå kontoret i Førde, har ført til at NRK er førstevalet til dei fleste radiolyttarane i Sogn og Fjordane. NRK Sogn og Fjordane er truleg det lokale kontoret med størst lyttarskare i forhold til folketal. Når ettermiddag-sendingane skal slåast saman med Hordaland (les Bergen), så fryktar vi at nyhendedekninga i Sogn og Fjordane blir sakte, men sikkert viska ut. Det vil bli eit stort tap for lyttarane og ikkje minst for alle som vil at det skal vere nynorsk i eteren. Vi fryktar at denne omstruktureringa er første skritt på vegen til ei nedlegging av NRK sitt distriktskontor i Førde. Raudt Vestland vil ta saka vidare til Vestland fylkesting, der det sjølvsagte målet er å få politisk oppslutnad om at ettermiddagsendingane skal på plass i Sogn og Fjordane igjen.