Du les no ein leiarartikkel som uttrykker Fjordenes Tidende si meining.

Når ein møter på ei vanskeleg sak kan kanskje det enklaste vere å ikkje ta i saka. Ein strategi kan vere å prøve å teie det ihel, og satse på at alt går over. Å snakke om noko vanskeleg kan vere ubehageleg, noko ein helst vil unngå.

Å gje eit tydeleg svar på eit spørsmål handlar om å ta ansvar. Med å svare tek ein dei som stiller spørsmålet på alvor og behandlar dei med respekt. Sjølvsagt er det ikkje alt ein kan gje eit tydeleg svar på, men alle fortener ei forklaring på kvifor ein ikkje kan gje eit svar.

Dei tilsette i Holvik barnehage har stilt spørsmål til barnehageeigaren i fleire år utan å få klare svar. Både Vågsøy kommune, og no Kinn kommune, har eit ansvar for å ta sine tilsette på alvor med å involvere og informere dei. Personalet ved Holvik barnehage har tolmodig venta på svar frå barnehageeigar sidan 2019, men no er tolmodet slutt. Både for dei tilsette og ikkje minst for barnehageborna sin del.

Til Fjordenes Tidende seier dei tilsette at det verste er å ikkje få vite kva planar Kinn kommune har for Holvik barnehage. Personalet kjenner seg oversett, og kjenner at uvissa er ei belasting for arbeidsmiljøet. Dei står no samla og vil ha eit svar frå barnehageeigar. Personalet spør på vegner av både barnehageborna, foreldre, bygdefolk og seg sjølv.

For det er alvorleg når arbeidsforholda har vore så dårlege over fleire år at det går ut over arbeidsmiljøet til både tilsette og borna i barnehagen. Kinn kommune må ta signala frå dei tilsette ved Holvik barnehage på alvor, og gje eit klart svar.