Det kan synast som om mange ser på konklusjonane i rapporten få BDO som forskingsresultat. Det er dei ikkje. Rapportar som dette har mykje lågare krav til dokumentasjon og presise vurderingar av funn som er gjort. Rapporten er ikkje fagfellevurdert slik publiserte forskingsrapportar blir.

Rapporten gjev skin av at han kan seie noko om korleis økonomi og tenesteytingar blir etter ei oppdeling. Men rapporten vurderer svær dårleg alternative måtar for organisering, interkommunalt samarbeid og andre moglegheiter for god tenesteproduksjon. Rapporten tek for god fisk det representantar frå næringslivet seier om at dei taper på ei oppsplitting, sjølv om næringslivet går som det grin og har gjort det både før og etter Kinn, og at det går som det grin også i nabokommunen Bremanger som ikkje er samanslått.

Heilt konkret:

Kva kan vitskapleg dokumenterast av positive ringverknader for næringslivet i Kinn etter samanslåinga? Og dersom desse finst: Korleis kan det dokumenterast at dei same, positive effektane hadde vore mogleg utan samanslåing? Faktum er vel at slik dokumentasjon ikkje finst, og at dei fleste veit at slikt prat berre er skinnargument.

Rapporten – som er komen i stand etter nokre få vekers arbeid no i sommar – på under 30 sider, seier faktisk svært lite om både Flora, Kinn og Vågsøy. Han seier ingen ting som tyder på at dei som har skrive rapporten har freista å forstå kva som kan ligge under motstanden mot Kinn, slik som moglege kulturelle skilnader og identitet, sentrum/periferi – konfliktar innanfor dei gamle kommunane (t.d. mellom Måløy og bygdene i Vågsøy og mellom Florø og bygdene i Florø). Rapporten gjer ingen freistnad på å forstå kvifor folk – i strid med kva dei fleste økonomar måtte finne ut er mest lønsamt – synest at det å bu i ei lita bygd i ein utkant i ein gjev betre livskvalitet enn å bu i sentrum, og at dei kanskje opplever endringar i kommunestruktur som eit åtak på sjølve eksistensgrunnlaget, at dei kanskje kjenner seg overkøyrd og lite respektert. Folk i Oppedal har turistattraksjonen Kannesteinen som næraste nabo. Men dei har også havet, uveret, lukta av tare frå fjæra, bøane som forfedrane har rydda, sjølve røtene som gjer at det er der dei høyrer til.

Om det faktisk er slik som eg teiknar her, veit eg ikkje, men rapporten hoppar glatt over slike problemstillingar, problemstillingar som kanskje er tusen gonger viktigare enn kva ei oppdeling av Kinn kostar.

Rapporten er altså ingen fasit på kva som er rettast å gjere. Meiningane spriker framleis like mykje som sjølve Kinnaklova, og det er vel også slik det skal vere. Demokrati er vel nettopp at meiningar skal brytast og ulike interesser skal vegast. Demokrati er ikkje – og har aldri vore – eit system der "ekspertar" skal fortelje folk kva som er til folks eige beste.