Innlegg på fylkesårsmøtet til Vestland AP om Stad Skipstunnell

Kjære årsmøte. Kjære Jonas.

Lengst nord og lengst vest i Vestland ligg det berømte og berykta Stadhavet.

Alt i vikingtida skjønte dei sjøfarande at dette var eit farleg havstykke i dårleg veir, og dei drog skipa sine over land, over Dragseidet.

På 1800-talet begynte ein å snakke om å bygge ein tunnell for båtane, og dei siste 40-50 åra har muligheten for ein skipstunnell ved Stad blitt stadig meir konkretisert, og utgreia eit uttal gonger.

Det var Arbeiderpartiet i Regjering som i si tid bevilga den første planleggingsmillionen.

Våren 2021 vedtok Stortinget endeleg at Kystverket skulle få oppdraget med å bygge Stad Skipstunnel.

Hovudmålet med skipstunnellen er og har heile tida vore sikkerhet. Eit liv på sjøen er like mykje verdt som eit liv på ein rasfarleg veg.

Historisk har det vore fleire forlis og nesten-forlis. Men det er også slik at hard sjø er ei stor belastning for både båtar og personell, også om ein ikkje forliser.

Ved Stad er det over hundre stormdøgn i året, så då blir det ein del hard sjø.

Det handlar også om regularitet.

Om utviklinga langs kysten.

Om næringsutviking. Om fiskeri og havbruk. Og om reiseliv.

Tidsaspektet er utruleg viktig når fisken skal eksporterast til Europa og resten av verda. Og sjøsjuk fisk gir dårlegare kvalitet.

Vi har sagt vi skal doble eksporten innan 2030, og då er eksporten av fisk vesentleg.

LO har jobba for Stad Skipstunnel sidan 2007.

Fordi det bidreg til å ta heile kysten i bruk, det gir ein meir robust arbeidsmarknadsregion, fordi sjøvegen vert døgnopen, fordi det gir betre sikkerhet for tilsette og passasjerar, og fordi ein kan flytte meir gods frå veg til sjø.

Viktige fokus.

Det er også eit klima-, miljø- og naturaspekt.

Planlegginga av Stad Skipstunnell er no ferdig.

Kommunane har jobba beinhardt sidan 2021, og det er no ferdig regulerte område for bærekraftig og samfunnsnyttig bruk av absolutt all tunnellmasse, nett slik staten har bede om.

Kommunane og lokale næringsaktørar har alt brukt titals millionar på dette arbeidet.

Berørte naboar har solgt eigedomane sine og held på å flytte.

Kystverket er klare for å lyse ut anbodet etter sommaren, med planlagt byggestart i 2024. Og interessa frå både nasjonale og verdsleiande entreprenørar er enorm.

Stad Skipstunnell er verdas første skipstunnell. Den er ikkje eit lokalt byggeprosjekt, men eit viktig nasjonalt prosjekt.

Og eit av få prosjekt i vår del av landet som faktisk kan komme i gang i denne stortingsperioden.

Det er umåteleg viktig at Arbeiderpartiet no tek dette heilt til mål.

Fordi eit liv på sjøen er like viktig som eit liv på ein rasutsett veg.