Rapporten «Mot ei heilskapleg bustadtrapp i helse og omsorg, med vurdering av Bryggja omsorgssenter. Eit notat til budsjettprosessen for 2023.» Dette har både Fjordenes Tidende og Fjordabladet hatt på trykk nyleg.

Det er mange ting i denne rapporten som eg stussar over. Det vere seg bruk av tal, men også påstandar. For meg kan det sjå ut til at den som har skrive rapporten prøver å få kartet til å stemme med terrenget … eller omvendt.

Det kan virke som om rapporten er tilpassa formålet, nemleg ei styrt avvikling av Bryggja omsorgssenter.

Punkt 3.2.1 Funksjon

Der står det mellom anna at omsorgssenteret har 16 rom, men at berre 6 rom er utleigde. Det er altså 10 ledige rom. Dette er og blir feil! Det rette er at det, søndag 13.11.2022, budde 10 eldre, fordelt på 9 rom ved Bryggja omsorgssenter. Med andre ord var det 7 ledige rom og ikkje 10. Det har truleg aldri, nokon gong, vore 10 ledige rom ved senteret, sidan opninga i 1958. Desse 7 ledige romma husa bebuarar som enten har blitt flytta til sjukeheim på Eid eller Selje, eller "gått ut av tida».

Begge deler ein heilt naturleg del av det å bli gammal, sidan mange mot slutten av livet treng meir pleie og omsorg, enn det Bryggja omsorgssenter er meint å kunne gje.

Det har dei siste månadene ikkje blitt teke inn nye bebuarar ved Bryggja omsorgssenter. I notatet blir det skrive at «Det siste året har det i stor grad stått ledig fleire rom, på det jamne har 5–6 rom vore ledige». Ja vel? «Det siste året …» er direkte feil. Kvifor påstå noko slikt når det ikkje stemmer?

Hadde det i rapporten stått «dei siste månadane» ville det vorte rett. Dette er litt som «høna eller egget», og kva som kom først.

– Er dei ledige romma ei følgje av at inntaket til Bryggja omsorgssenter har blitt stoppa i det siste?

– Eller, at ingen eldre har søkt om å få bu der?

Truleg kan svaret ligge ein plass midt mellom, men eg trur mest på det første alternativet.

Begge foreldra mine har budd ved omsorgssenteret sidan i februar 2022.

På det tidspunktet var det fullt på alle dei 16 romma. Sidan har det kome og gått leigebuarar og det har nok vore ledige rom i ein periode, før nye bebuarar har kome inn. Slik har det alltid vore. Folk har normalt måtte vente for å få plass ved Bryggja omsorgssenter, men i det siste har det tydeleg vore fleire ut enn inn.

Er så alt dette gjort for å passe inn dei framtidige planane til Stad helse og omsorg? I så fall kan vel dette kallast ein inntaksstopp.

«Fleire takkar nei til plass» (ifølgje notatet).

Kor mange som har sagt nei til omsorgsplass, slik rapporten påstår, veit sjølvsagt ikkje eg, men det synest ikkje å ha vore vanskeleg å få bebuarar til senteret, før no i det siste.

Sjølv er eg kjend med at ein, kvalifisert, eldre person har søkt om omsorgsplass på Bryggja i det siste, utan enno å ha fått tilbod om dette. Det kan sjølvsagt vere fleire enn denne eine søkaren.

Manglande vedlikehald.

At vedlikehaldet har vore forsømt i mange år er eit anna kapittel som eg ikkje skal kommentere noko særleg. Tidlegare Vågsøy kommune har nok mykje av skulda for dette, gjennom mange år. I rapporten blir det stipulert at ei naudsynt oppgradering kan komme på i underkant av 19 millionar. Likevel er det kanskje mogeleg å ta det mest naudsynte og kome langt billegare frå det?

Bygget er fullt buande i og kan vare i mange år til, med enklare vedlikehald. Å legge ned eit fullt operativt omsorgssenter, for så å måtte utvide kapasiteten på Eid eller Selje seinare, er langt dyrare. Denne rapporten er, slik rapportar ofte er, eit bestillingsverk for å støtte forslaget om å legge ned Bryggja omsorgssenter.

Dei eldre får der eit velfungerande tenestetilbod. Ei nedlegging vil påføre mange eldre unødig stress og tap av tilhøyrighet.

Slik eg kjenner Bryggja omsorgssenter er det eit godt fungerande hus. Dei flinke og empatiske tilsette gjer sitt aller beste for at bebuarane skal ha ein så god alderdom som råd.

I tillegg er personalet alltid hyggelege og hjelpsame når vi pårørande kjem innom på besøk. Det er alt for lett å bruke dei eldre, men òg dei unge, i «ikkje-sentrale» strok, som salderingspostar, når eit budsjett skal snikrast i hop.

Flåsete sagt kunne det kanskje vore like greitt å blitt ei ROBEK-kommune? Det er sjølvsagt litt flaut for administrasjonen å blitt kikka i korta, men kanskje naudsynt? I alle høve skal ein tru pressa si omtale av då leiargruppa i Stad reiste til Hotel Union Øye, for å få arbeidsro. «Reiste på luksushotell for å diskutere innsparing», (Sunnmørsposten 3. november 2022)

Å setje «tæring etter næring» er kanskje det som skal til for å bygge ein stødig og god Stad kommune for folket som bur der?

Den administrative leiinga i Stad kommune er blitt gjort kjend med innhaldet i dette lesarinnlegget, og har fått tilbod om å kome med tilsvar. Red. anm.