Ønskjer du Nordfjord-medlem i bispedømmerådet?

Nominasjonskomiteen si liste er den einaste med Nordfjord-kandidat

I tillegg til kommunestyre- og fylkestingval 11. september, er det òg kyrkjeval – med val av nye sokneråd og nytt bispedømmeråd. Medlemmene i dei 11 bispedømmeråda i landet utgjer samstundes dei 110 medlemmene i Kyrkjemøtet – som er «Stortinget» i Den norske kyrkja.

I Bjørgvin bispedømme er det i år fire lister, og berre éi av desse listene – Nominasjonskomiteen si liste – har kandidat frå Nordfjord. Underskrivne bur i Olden og er nummer fire på denne lista.

Nominasjonskomiteen si liste er sett opp av ein nominasjonskomité med eitt medlem frå kvart prosti, valt av sokneråda. Listekandidatane er etter framlegg frå sokneråda (i mitt tilfelle frå sokneråda i Nordfjord), ungdomsrådet i Bjørgvin og nominasjonskomiteen sjølv. Komiteen har mellom anna vektlagt kandidatar som er opptekne av at kyrkja sitt arbeid skal vere lokalt forankra, i sokna.  Lista representerer ingen organisasjon eller interessegruppe.  Kandidatane på denne lista har ulike syn på mange spørsmål innan Den norske kyrkja, men vi legg alle vekt på å ta vare på og å vidareutvikle dei verdiane som ligg i «den norske folkekyrkja», med dei 1000 år lange tradisjonane kyrkja står for i samfunns- og kulturlivet vårt, i tillegg til det som kyrkja står for som trussamfunn.

I eigenpresentasjonen til Nominasjonskomiteen si liste skreiv eg dette: Eg vil at kyrkja skal framstå som truverdig folkekyrkje med rom for alle som søkjer til kyrkja. Det lokale engasjementet må styrkjast, gjennom forståing for verdien av godt samarbeid og rolleavklaring mellom folkevalde og fagpersonar i kyrkja. Det må vere plass til mangfaldet, der alle viser respekt for kvarandre og legg større vekt på det som bind saman enn det som skil oss

Om det spelar noka rolle for kyrkjemedlemmene i Nordfjord, er eg altså den einaste kandidaten på dei fire vallistene som bur i Nordfjord. Om du ikkje ønskjer å bruke Nominasjonskomiteen si liste ved valet, men ønskjer at det skal vere med ein representant frå Nordfjord, kan du føre opp namnet mitt på den lista du bruker, men da må du skrive heile namnet mitt slik det står på lista: Arne Jostein By.

Om eg skulle komme inn i bispedømmerådet, vil eg prøve å lytte til innspel frå sokneråda og dei kyrkjelege fellesråda i Nordfjord før eg er med på å ta avgjerder i viktige saker.