Symje-og idrettsbygget. Sunnivahallen

Ope brev til Backe idrettsbygg AS, prosjektgruppa og Stad kommune.

Viser til teikningar og kostnadsoverslag for prosjektet i Fjordabladet av 22. august. Som teikning viser skal bygget ligge i terrenghøgde og dermed ein etasje under bakke nivå.

Dette vil krevje store masseutskiftingar .

Det vil sannsynleg også krevje peling/spunt til fast grunn under konstruksjonane.

Er dette kostnader som er medtatt i sin heilheit når kostnadane for bygget er på 158.825.000 kroner?

Vil minne om at når Selje skule vart bygd og kloakken skulle til sjø gjekk denne gjennom Saramarka. Her var grunnen så dårleg at kloakkrøyrene måtte leggast på «plankeseng» for å halde røyrgata flytande. Til ettertanke.

Det må i det minste kjerneborast for å få vete om grunnforholda på tomta før ein slår kategorisk fast at her skal hallen ligge.

Når det gjeld økonomien i prosjektet er det viktig å ha alle fakta på bordet, før ein startar.

Men dette ligg til andre å vere sitt ansvar bevisst på.