Når ostehøvelen kjennest på kroppen og små kroner får store konsekvensar

På Furuhaugane omsorgssenter har det i lang tid vore ein aktivitør tilsett i 40 prosent stilling. I denne stillinga har ein ansvar for å støtte bebuarane ved ulike aktivitetar i daglegstova, og å motivere og gi hjelp til lett fysisk aktivitet i kvardagen. Enkelt forklart – det er habilitering, rehabilitering og førebygging i praksis.

Kvart år i desember skal vi som er folkevalde stå skulerett og vedta eit budsjett for komande år. Så langt har budsjettprosessen i Kinn kommune vore prega av ein del rot og uføreseielege tilhøve. Nokre av grunnane til dette er at kommunedirektøren sitt budsjettframlegg, som jo dannar grunnlaget for kommunestyret sitt budsjett, har blitt gjort altfor seint tilgjengeleg for politikarane. I tillegg til eit komplisert digitalt budsjettverktøy og manglande opplæring i bruken av dette. Ein av konsekvensane dette har ført til er at politikarane ikkje får god nok budsjetthandsaming i fagutvala i forkant av budsjettmøtet i kommunestyret, som til dømes Helse- sosial og omsorgsutvalet. Kommunedirektøren har ved gjentatte høve blitt gjort merksam på dette.

Etterslep på effektivisering – stort sjukefråvær – enorme investeringsbehov – overforbruk i tenestene og så vidare.

Dette er diverre argument som går igjen og igjen, og som vi folkevalde må prøve å balansere når vi får kommunedirektøren sitt budsjettforslag til handsaming.

Budsjettet som vart vedteke i desember, og som vi no styrer etter, har i seg såkalla «ostehøvelkutt» på tenestene. Det vil seie at kommunestyret har gjort vedtak om at alle tenesteområda i kommunen må ta eit kutt, som vert fordelt på tenesteområda i høve til tenestene sin storleik.

Eg er blitt gjort merksam på at denne 40 prosent-stillinga til aktivitøren på Furuhaugane er avvikla som eit innsparingstiltak, og eg er både skuffa og lei meg. Kvar går grensa når ein svært ettertrakta, og samtidig lite kostbar funksjon på ein sjukeheim vert kasta på fjorden? Kor store lønnskutt i toppadministrasjonen må til for å dekke inn 40 prosent av ei fagarbeidarløn?Tek vi utgangspunkt i at ein fagarbeidar med 10 års ansiennitet som jobbar dagtid har kring 475.000 kroner i grunnløn, så utgjer 40 prosent av dette altså 190.000 kroner. Dersom du tar 10 personar med 900.000 kroner i årsløn så snakkar vi om 2,1 prosent lønnskutt per tilsett med millionløn for å dekke funksjonen til aktivitør.

OK! Eg meiner sjølvsagt ikkje at kommunalt tilsette skal gi frå seg si eiga løn for å dekke kostnadar til ulike funksjonar i kommunen. Dette er meint for å illustrere galskapen vi er ferd med å utvikle i offentleg sektor. Vi bygger administrasjon, og bygger ned tenestetilbodet til folk flest!

Det er viktig at du som les dette forstår at det ikkje er dei folkevalde som«gjennomfører» kuttene innanfor dei ulike tenesteområda. Dei folkevalde vedtek den overordna ramma med utgangspunkt i kommunedirektøren si innstilling. Det er kommunedirektøren i den aktuelle kommunen som gjennomfører rammekutt, slik hen finn høveleg.

Eg trur at eg med både beina på jorda og handa på hjartet, kan skrive under på at ikkje ein einaste politikar eg kjenner til i Kinn, ville aktivt gått inn for å avvikle aktivitørfunksjonen på Furuhaugane.

Førebygging er det viktigaste enkelttiltaket vi kan gjere for å avgrense «negativ» utvikling hos eldre. Ein sengeliggande sjukeheimspasient er ein ressurskrevjande brukar. For kvar dag Norge kan forhindre at eit menneske vert sengeliggande, og dermed gjort avhengig av totalhjelp, kan vi spare samfunnet for enorme summar. Eit stort tal forskingsrapportar viser at habilitering, rehabilitering og aktivisering kan vere heilt essensielt i arbeidet med å førebygge og avgrense «negativ» geriatrisk utvikling hos eldre.

Og før eg nå gjer både Ola Teigen, og Arbeiderpartiet sin nye valkampkanon Ronny Cassels altfor yre, og kanonkulene begynner å hagle, vil eg sjølvsagt avslutte med ei erkjenning. Jo, Kinn SV er ein del av det fleirtalet som samla seg kring budsjettet vi nå styrer etter. Det gjorde vi fordi vi ville bidra til at budsjettet skulle bli litt meir rettferdig, og det fekk vi faktisk til.

I dialog med dei andre partia fekk vi sikra ein rekke tiltak som f.eks: Litt mindre eigedomskatt for dei som har minst, vi fekk i fellesskap berga Stavang skule, sikra framgang på Skram skole, ny institusjon i Florø, og vi fekk starta arbeidet med å gjenopne kjøkkenet i Måløy. SV, MDG og R fekk hindra ein kontant privatisering av pensjonen vår, og vi fekk sørga for at kommunen framleis skal ha kontroll på bustad og eigedomsforvaltinga.

I etterkant har dei hardaste retorikarane i Kinn Arbeidarparti lagt det fram som om Arbeiderpartiet hadde tenkt å levere budsjett utan eit einaste kutt i tenestene. Det er diverre ikkje rett framstilling av fakta!

Til slutt: Kinn SV var aldri invitert til å delta i budsjettsamarbeid med Ap og KrF i haust. Det var for oss den einaste farbare veg å delta i eit breiast mogleg budsjettforlik, og dermed nytte våre røyster til å dra budsjettet i så rettferdig retning som mogleg.