Funksjonshemma, kronisk sjuke og deira pårørande er ein ukjend minoritet i samfunnet, trass i at dette råkar over ein million menneske nasjonalt (dette ifølgje tal frå FN).

I sak 22/3648 – Politisk organisering i Stad kommune i valperioden 2023–2027 vert det foreslått å slå saman råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldrerådet. Saka var oppe til behandling i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne den 17. oktober .22 der ein gjekk imot dette forslaget då ein ikkje såg noko faglege eller økonomiske grunner til at desse to rådene skal kunne slåast saman.

Ein er kjend med at eldrerådet støtta ei slik samanslåing og ein ynskjer derfor å komme med dette skrivet for å informere om forskjellen på desse to rådene og kva arbeidsområdet Stad RMNF har gjennom fastsett lovverk, forskrifter og rettleiar.

Lova om brukarmedverknad, gjennom råd for menneske med nedsett funksjonsevne, er nedfelt i kommunelova §5.2-e med dei same rettar som folkevalde i samsvar med §5.1 i same lov.

Rådet er eit rådgjevande organ som har rett til å uttale seg i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting, og komme med forslag og anbefalingar i slike saker. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Rådet skal komme med innspel til saker som skal behandlast i kommunen, slik at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetting blir synleggjort og er del av saka før det takast ei avgjerd. Det er opp til kommunen å fatte vedtak i de enkelte sakene. Rådets anbefalingar i den konkrete saka vil vere ein del av avgjerdsgrunnlaget. Kommunestyret kan gi rådene mynde til å fordele løyvingar, og kan gje medlemmer av rådene møte- og talerett i folkevalde organ, noko Stad kommune dessverre ikkje har gjort.

Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersonar. Det er ikkje et krav i kommuneloven at kommunestyret skal gi ei tilbakemelding til rådet, men det vil vere fordelaktig for å styrke dialogen og kontakten mellom rådet og kommunen.

Saker rådet kan og skal arbeide med: Då rådet representantar primært kjem frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforum for Funksjonshemmedes organisasjonar (SAFO) så er saksområdet stort og omfattande. Våre organisasjonar arbeider for menneskerettar for alle funksjonshemma, kronisk sjuke og deira pårørande, noko som medfører at ein bokstaveleg arbeider for denne gruppa frå «vogge til grav» i motsetnad til Eldrerådets saksområde som går føre seg i aldersperspektivet 60+.

Kort fortalt så omhandlar råd for menneske med nedsett funksjonsevne følgjande saksområde:

  • Barnehage

  • Oppvekst og utdanning

  • Universell utforming i skulebygg

  • Barnevern

  • Helsetenester til barn og ungdom

  • Avlastningstiltak

  • Lærings- og meistringstiltak til kronisk sjuke og funksjonshemma

  • Arbeidsdeltaking i privat og offentleg arbeidsliv

  • Kommunes strategi for inkluderande arbeidsliv

  • Plan og bygg/uteområdet

  • Tilrettelegging av offentlege bygg, private og kommunale

  • Byggesaker – det nye legekontoret i Selje er allereie under bygging utan at rådet har fått høve til å uttale seg om den saka

  • Transport

  • Kultur og fritid

  • NAV – NAV Nordfjord har ikkje eige brukarutval og dermed kan rådet uttale seg om saker som gjeld denne etaten

  • Habilitering og rehabilitering

  • Helse- og omsorgstenester til vaksne og eldre

  • Kommunes budsjett

  • Kommunens sosialpolitiske bustadstrategi

  • Kommunes strategiplanar – rådet har fått høve til å uttale seg om planprosessane, men har ikkje fått tilbod om å delta aktivt i planarbeidet.

  • Prosjektet «Leve heile livet» – eldrerådet har deltatt i prosjektgruppe, men RMNF vart «gløymt» sjølv om at ein bad om å få delta i arbeidet.

  • Tilgjengelegheit i samfunnet

Lista er mykje lengre, men eg trur dykk forstår at vi har eit allsidig arbeidsområdet og mykje av dette kan verte nedprioritert i eit fellesråd der saker som omhandlar eldre må kjempe mot saker som omhandlar konsekvensar for ca. 1.600 av innbyggjarane i kommunen. Erfaring ein har frå tidlegare fellesråd, i tidlegare Selje kommune, var at saker som omhandla funksjonshemma og kronisk sjuke sine rettar vart fullstendig gløymt og overskygga av saker som omhandla eldre innbyggjarar. Derfor er det viktig å behalde desse rådene kvar for seg, slik at ein får høve til å arbeide grundig med dei sakene som gjeld dei aktuelle rådene.

Rådet er villig til å delta til å finne innsparingar, men då må kommunen komme oss i møte og behalde rådet slik at ein kan vareta funksjonshemma rett til å kunne uttale seg og bidra i politisk arbeid, i tråd med FN-konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne artikkel 29.