Ein lesar av Fjordenes Tidende har tatt kontakt for å fortelje om ei verkeleg hyggeleg oppleving han hadde då han skulle reise med ferja Hornelen frå Oldeide til Måløy nyleg:

– Eg var på jobbreise heim frå havet, og når du hamnar i Florø fredag kveld etter klokka 19.55, er neste hurtigbåtavgang til Måløy laurdag kveld om lag eitt døgn seinare. Vêret laurdag morgon var ruskete med kuling og tjukk snøkave. Den einaste moglegheita for å komme seg til Måløy var taxi til Oldeide og ferja vidare der. Sidan det var snøfokk og dårlege køyreforhold, måtte taxien berekne eksta god tid, og eg ringde derfor om bord i ferja for å forsikre meg om at den gjekk i rute, skriv mannen, og held fram:

– Der var det ein kjempehyggeleg styrmann som kunne fortelje at det ikkje er venterom på Oldeide. Han tilbydde seg å opne privatbilen sin som stod på Oldeide, slik at eg fekk sitte i den inntil ferja kom. Då eg kom til Oldeide var det stiv kuling og tett snøkave, -3 grader og framleis 20 minutt til ferja kom. Det hadde iallfall blitt ei kald oppleving å måtte stå ute dei 20 minutta. Då ferja klappa til kai, blei eg på toppen av alt invitert på ein kopp kaffi av vedkomande. Eg vil gjennom avisa rette ei stor takk, nok ein gong, til styrmannen på ferja, for fantastisk god service og velvilje. Det blei ein kjempetriveleg avslutning på ei lang heimreise, som var prega av dårleg vêr, kansellerte fly og forseinkingar.