Det er ikkje alle tiltak som fell i like god jord, sjølv om det er gjort i beste meining.

Hausten 2022 erstatta Vestland fylkeskommune historiske stabbesteinar med moderne betongmur langs den smale vegen til Hoddevika i Stad kommune. Trafikktryggingstiltaket frå fylkeskommunen kom som ei overrasking for både bygdefolk og næringsdrivande som nyttar vegen dagleg.

– Det kan dokumenterast at det aldri har vore ulykker på denne strekninga på over 100 år. At desse stabbesteinane no plutseleg og utan forvarsel måtte fjernast er uforståeleg. Om eit slikt tiltak skulle forsvarast, burde ein i alle fall ha gode argument, sa ein av innbyggarane til Fjordenes Tidende.

Vestland fylkeskommune viste til regelverk for rekkverk langs fylkesvegar, og at tiltaket var gjort som trafikktryggingstiltak.

Stad kommune engasjerte seg også i saka og ville ha stabbesteinane sett opp igjen, samtidig som ein kunne ta vare på trafikktryggleiken.

Fjerninga av stabbesteinane og oppsettinga av betongmur har fleire uheldige konsekvensar, for både tobeinte, firbeinte og køyretøy. Den allereie smale vegen har som følgje av muren blitt endå smalare. Bønder kjem seg ikkje lenger fram med landbruksmaskinene sine. Det er mindre veg til møtesituasjonar mellom bilar. Fotgjengarar kan ikkje lenger kome seg ut av vegen når det passerer trafikk. Beitedyr blir fanga på vegen, der dei før kunne springe ut av vegen mellom stabbesteinane.

Har då vegen verkeleg blitt meir trafikksikker etter at det vart sett opp betongmur i staden for stabbesteinar?

Lokalbefolkninga, Stad kommune og lokalt næringsliv har alle peika på at stabbesteinane langs vegen har stor kulturhistorisk verdi, og vil ha stabbesteinane tilbake.

Vestland fylkeskommune har no sagt dei skal finne løysingar på alle ulempene betongmuren har ført til. Då har vi eit råd til vegeigaren: Lytt til dei som brukar vegen. Av og til kan det løne seg å gå tilbake til utgangspunktet.