Det er sjølvsagt flott at både Høgre og Venstre sine fiskeripolitiske talsmenn gir meg råd gjennom avisa, men det hadde vore fint om dei også med sine sentrale posisjonar kunne gje svar på venge av sine parti om det som vert kalla «lakseskatten». Eg vil difor gje dykk ein sjanse til.

Uansett kva ein meiner om skattar, lakseskatt eller andre skattar, her vil det vere delte meiningar. Eg har ingen problem med å forstå at her er både dei som meiner skatten er for låg og dei som meiner den er for høg. Sjølv har eg i mine tilbakemeldingar sagt at mengda av nye skattar er eit problem. Vi må ikkje øydelegge motivasjonen til næringa. Ein må sitte att med inntekter lokalt, noko også Nettverk for fjord og kystkommunar har teke med seg og fått gehør for. Og, eg vil aldri høyre at oppdrettarane vert omtala som rikingar etc. Men nei, eg tek det internt, ikkje ulikt slik Grotle alltid gjorde. Alfred derimot, er flink til å synge ut. Det er ikkje utan grunn dei kallar han distriktspsykopaten i Venstre.

I Venstre er det mange som er positive til grunnrenteskatt. I Høgre også, men landsmøte valde likevel å seie nei til regjeringa sitt forslag, sjølv før regjeringa kom med sitt forslag. Dette har skapt litt forvirring hos mange, også meg. Tilsynelatande også internt i Høgre. For oss andre som hugsar tilbake til då Høgre sette ned eit utval for å skattlegge oppdrettsnæringa eller når Solberg-regjeringa innførte ny formuesberekning av eldre oppdrettskonsesjonar, så verkar harmen til Grotle og co. noko underleg.

Næringa seier dei sjølv ynskjer å betale noko meir skatt. Høgre seier at då skal dei få lov til det. Ein kan få inntrykk av at Høgre er positiv til auka skattar berre når skattytar sjølv foreslår å betale meir skatt. Det er i så fall raust av Høgre, ein kan vinne val på slikt.

Når både næringa og dei politiske partia er positive til ein «lakseskatt» då må ein nesten akseptere at det kjem eit forslag frå regjeringa. Det er jobben til regjeringa. Så kan ein vere usamde om innretning og nivå. Men ein bør lande dette, å la det halde på i uvissa lenge, er ingen tent med. Difor er eg så freidig å utfordre dei store kapasitetane på fiskeripolitikk i Venstre og Høgre på kva dei meiner og om dei vil forhandle.

Alfred Bjørlo seier til FJT at regjeringa ikkje har lytta til innspel. Men forslaget som er kome har kutta i grunnrenteskatten frå 40 til 35 prosent. Naturressursskatten som gjekk direkte til staten er fjerna. Ein har auka produksjonsavgifta, men totalt går avgifta per kilo ned frå 112 til 90 øre. Eit anna gode er at nedtaket av naturressursskatten og auka produksjonsavgift gir meir til kommunane. For Kinn kommune er auken 10 millionar. Gulen får 7, Solund 5, Askvoll og Bremanger 4 og Stad 2 millionar. Eit av ankepunkta til tidlegare forslag var at nettopp for stor andel gjekk til staten. Blant anna Nettverk for fjord- og kystkommunar påpeikte dette. No er vi lytta til. Og, hold fast, Ap/Sp har halvert formuesberekninga til eldre oppdrettskonsesjonar som Venstre og Høgre innførte!

Olve Grotle seier til E24 i oktober at Høgre vil forhandle med regjeringa om lakseskatt. Han er einig i at næringa må bidra meir. På det tidspunktet er han einig i at samla skattetrykket er til å leve med. Han er til og med villig til å forhandle om grunnrenteskatt. Linda Hofstad Helleland er einig med at næringa må bidra meir. Ho legg til at Høgre vil vere ein konstruktiv aktør. Nøyaktig kva dei vil krevje vil dei ikkje snakke om, men forslaget om normpris MÅ forkastast, seier Grotle. I siste forslag frå regjeringa er dette forkasta. Det skulle med andre ord ligge til rette for forhandlingar, ja dersom vi hadde vore i oktober i alle fall.

Eg har prøvd å få Høgre og Venstre sine fiskeripolitiske talsmenn i tale, men dei er tydelegvis ikkje på «talefot» med meg. Då får eg heller gje ei nokre gode råd i retur:

1: Fint om de ikkje tek ifrå kystkommunane meir av inntektene som næringa vil skatte. Dei kjem godt med og eg tenker dette er eit av momenta vestlandskommunane er opptekne av, at meir av verdiskapinga ligg att ved kysten. Dette er også heilt i tråd med innspel frå Nettverk for fjord- og kystkommunar. Håpar Venstre og Høgre vil lytte til kommunane også.

2: Set dykk ned og forhandl om skatten. Breie kompromiss står seg best over tid. No har de sjansen til å vise at de meiner noko med dette, også i opposisjon.