Dette innlegget er skrive av Kjell Lillebø.

Styrt frå indre Sogn

Tidlegare fekk vi ein gong i året tilsendt eit felles rutehefte for buss, båt og ferjer med avstandar og avgangstider etc. Dette fekk Alfred Bjørlo sette ein stoppar for, no var IT-teknologien komen så langt at fylket kunne spare 200.000 kroner, meinte han.

Det han ikkje tok høgde for var at dei som styrer IT-en sit i indre Sogn, og der har dei ikkje spesielt god kjennskap til kysten.

Eg var ein tur innom Hauglandsenteret, og å kome seg til Flekke der senteret ligg, var ikkje spesielt vanskeleg, då utgangspunktet var Førde. Då eg skulle heim att, forhøyrde eg meg med personalet. Då eg forstod at problemstillinga ikkje var noko dei fekk spørsmål om til dagen, bad eg dei gå inn på Kringom og søke på Flekke–Måløy. Det som kom ut overraska meg:

Buss sørover til Rysjedalsvik ein time. Bytte til hurtigbåten og etter tre timar er du i Måløy klokka 12.40.

Med to gongar bytte av buss, reise om Førde og bytte til båt i Florø, er du i Måløy etter fire timar klokka 12.40

Så har du eit par andre alternativ med tre og fire bytte av transportmiddel og reisetid på 6.30 og 8.05 timar.

Kva eg valde? Ingen av delane. Mitt store spørsmål var: Kvar er det blitt av Askvoll? Då eg kom, passerte vi ikkje ei bru som har kosta over ein milliard?

Så eg ringde Flekke Taxi og spurte kor lang tid det tok til Askvoll. Å, du kjem langt på ein halv time, var svaret eg fekk frå ein hyggeleg person. To timar tar det med båten frå Askvoll til Måløy, det visste eg frå før, så kvifor skulle eg reise sørover i ein time med buss til Rysjedalsvik, og så ein time med båt nordover igjen til Askvoll. Kvifor bruke to timar på å komme ingenstad, når eg er to timar heimanfrå og skal heim.

No vil du kanskje innvende at det er politikarane sitt ansvar å ta opp samferdslesaker, ikkje noko IT-personalet har noko med, men mitt poeng er: Korleis skal politikar og lekmann skaffe seg oversikt over det sørgelege tilbodet som finst her i fylket? Skal kysten framleis behandlast stemoderleg?

Her er mykje å ta igjen. Vi har nettopp høyrt ordføraren i Balestrand på lokalradioen. Mitt poeng er framleis at ved å legge dei to siste års rutehefte ved sidan av kvarandre og bla opp på til dømes oversikta over ekspressbussruter eller gjennomgåande bussruter vil ein i løpet av ti sekund oppdage at rute 23–547 den såkalla kombiruta Leikanger–Ålesund er vekk, medan rute 23–190 Otta-Lom-Sogndal og rute 23–490 Gudvangen-Flåm-Aurlandsdalen-Hallingdal framleis eksisterer.

Så til slutt, dette med å skaffe seg oversikt: Rute 23–506 Førde–Vadheim-Rysjedalsvik og rute 14–401 Førde-Dale-Rysjedalsvik fortel følgjande: Det er 92 km til Rysjedalsvik om Dale og 90 km om Lavik. Startar du kl. 7.35 i Førde, er du etter 1 time 30 minutt og 52 km i Flekke. Klokka 7.35 startar bussen som går om Lavik frå Førde. Den er etter 65 km og 1 time og 20 minutt i Lavik. Konklusjon: Dei som skal til Bergen, også dei som bur på kysten nord i fylket og nyttar eigen bil, må om Førde i overskodeleg framtid. Det må florapolitikarane merke seg, og også dei lokale politikarane som forkastar grovalternativet til Kystveg for å vise florapolitikarane kor medgjerlege vi er.