Innlegget er skrive av Tom Knudsen, regiondirektør, NHO Vestlandet – Hordaland og Sogn og Fjordane, og Jørn Skaane, dagleg leiar, Lefdal Mine Datacenter.

Kutt i maskinskatten skapar fleire jobbar på Vestlandet

Gode velferdstilbod kostar pengar og skattane vil framleis betala for mykje av velferda vår. Men nokre skattar er særleg skadeleg for å kunne oppretthalde og skapa nye arbeidsplassar.

Skatt på verk og bruk, eller maskinskatten, er ein slik skatt. Dette er skatt på maskinar som arbeidarane må nytte for å kunne utføre jobben sin. Difor er vi glad for at regjeringa i forslaget sitt til statsbudsjett no vil fjerna skatten, over ein femårsperiode. Det vil gjere det lettare for bedriftene å behalde dagens arbeidsplassar og skape endå fleire.

Ein ting er at kommunane legger eigedomsskatt på bustader, hytter og anna eigedom. Noko heilt anna er det når eigedomsskatten blir lagt på maskinar, utstyr og andre investeringar internt i bedriftene. Industrianlegg, t.d. Hydro i Årdal og Høyanger, er ein fordel for kommunane, fordi de gir arbeidsplassar og økt etterspørsel for lokale bedrifter. Dette gir igjen større skatteinntekter gjennom auka omsetning og fleire arbeidsplassar. Å krevje skatt på maskinar kan setta arbeidsplassar i fare. LO, ved fellesforbundet, delar også denne oppfatninga, saman med Norsk Industri i ein E24-artikkel torsdag denne veka.

Å fjerne maskinskatten er å satse på datasenterbransjen. Særleg når det gjeld framtidas nye arbeidsplassar, er denne saka viktig! Skal Vestlandet og vårt distrikt vere attraktivt for utanlandske investeringar i for eksempel datasentre, må denne skatten bort. Dette er investeringar som må til om ein skal klara den nødvendige omstillinga i norsk økonomi. Fram til no har dei største utanlandske IT-aktørane valt Sverige, Danmark og Finland som lokasjon for sine datasentre, og ein særnorsk og uføreseieleg skatt som denne aukar ikkje sjansane for at Norge blir valt ved neste korsveg.

Lefdal Mine Datacenter i Eid kommune og liekve ved Måløy representerer ein spennande start på ein framtidig grøn vekstindustri i Norge. Vi har eit godt eigna land for etablering av datasentre, med billig og fornybar kraft. Lefdal Mine datacenter blir i utgangspunktet ikkje påverka av maskinskatten, men kva skjer om dei tusenvis av serverane og all anna datateknisk utrustning blir ein del av skatteobjektet?

For dei som driv datasenter kan ein slik skattlegging bli ein stor utfordring, då ein aldri er sikker på kva kommunen gjer og kva satsar ein operera med. Store internasjonale aktørar som ønskjer å etablere seg i eit anna land vil måtte ta høgde for at skatten kan inntreffe. Dei kjem med IT-utstyr for fleire milliardar kroner dit kor det er mest lønnsamt for dei å etablere seg.

Usikkerheit er det verste for investorar. Det at ulike kommunar har ulike måtar å skattlegge maskinar og utstyr på er uheldig, og det er usikkerheit kring kor grensa går for skattlegging. Å fjerna maskinar og produksjonsutstyr frå eigedomskattgrunnlaget vil styrka konkurranseevna og sikra ein føreseieleg eigedomsskatt for potensielle nyetableringar og eksisterande anlegg.

Vi vonar partia på Stortinget visar næringsvenlegheit og at regjeringa får støtte for framlegget sitt i statsbudsjettet i Stortinget. Då blir eigedomsskatten det den prinsipielt bør vere: Ein skatt på grunnareal og bygningar.