Dette innlegget er skrevet av Ingunn Kandal, leiar i Raudt Sogn og Fjordane. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 29. september.

Fylket har hatt to alvorlege tunnellbrannar i sommar i Gudvangatunnellen og Skatestraum-tunnellen.

Det gjekk heldigvis, og utruleg nok, ikkje menneskeliv tapt.

Om ein kan seie det slik: Det «gode» med tunnellbrannane, er at det har dempa politikarsnakk og -skriveri om fjordbruer.

I fylket vårt er det heile 76 tunnelar utan naudnett. Fylkesmannen og naudetatane har laga ei liste på 18 tunnellar som dei vil ha prioritert. Høyanger-tunellen er visstnok den lengste av desse.

Fleirtalet i fylkestinget vil ikkje installere naudnett i den over sju kilomter lange Høyanger-tunnelen. Alt snakk og skriveri om fjordbruer må leggjast til side – i alle fall fram til vi har fått ei betre sikring av tunnellane våre.

Dei alvorlege hendingane i sommar og at det er så mange tunnellar utan naudnett, må få merksemda. I staden for fjordbruer, bør ein heller auke frekvensen på ferjeavgangane. Dette vil også gje fleire arbeidsplassar i fylket og knyte kommunane og fylket tettare saman.

Det trengst for å demme opp mot den forsterka sentraliseringa som Frp- og Høgreregjeringa legg opp til.