Eg er glad i plassen eg bur på. Eg er stolt av bygda mi. Det er flott å vekse opp i Svelgen, og mykje takka vere industri har vi ei bygd her. På folkemøte 24. mai skal ideen om ein hydrogenfabrikk leggast fram, ei utbygging som får store konsekvensar for dei som bur i Svelgen i dag, samt dei som kjem etter. Går eg opp på fjellryggen her, ser eg to vindmølleparkar, eit steinbrot, eit smelteverk og mengder med kraftliner på eit relativt lite område.

Vi har knapt ein flekk igjen som ikkje er prega av industri. Sjølv om Svelgen vert sett på som ein industristad, har vi som bur her og framtidige tilflyttarar likevel behov for å ferdast i og omgje oss med urørt natur. Vi og treng å sjå anna enn industri kor enn vi snur oss. Svelgen har tatt si belastning når det kjem til naturinngrep og industriutbygging. Det må faktisk gå ei grense for kor mykje industri ein skal putte inn i denne vesle fjordarmen.

Holmaneset, seks kilometer frå Svelgen sentrum, vart eingong regulert til mogleg industriområde, men planane som no vert lansert omhandlar ei mykje større utbygging enn berre Holmaneset. Vi snakkar om eit gigantområde like stort som 50 fotballbaner! I tillegg til utbygging på neset vert det store utfyllingar i sjø på den smalaste delen av fjorden, det vil merkast.

Det vil komme ein 45 meter høg tank, med eit ytterlegare 15 meter høgt tårn til fakling på toppen. Fakling er etterbrenning av gass og kan sjå ut som ein rein flamme eller som svart røyk. Alle med utsikt ut fjorden vil sjå den tanken ruve i horisonten.

Selskapet informerte i sist kommunestyre om at området truleg vert opplyst heile døgnet, heile året. Kan vi då risikere eit kontinuerleg blinkande lys på toppen av tanken og? Ein skal ikkje undervurdere lysforureining. Eit blinkande lys på netthinna kvar gong ein ser ut fjorden vil vere direkte øydeggjande for både sinnsro, bulyst og tilflytting. Men det er meir enn blinkande lys i horisonten som er urovekkjande, sjølv om det absolutt ikkje er til å kimse av.

Kor grønt vert det eigentleg?

Selskapet som lanserer ideen om ein hydrogenfabrikk snakkar om kor grøne dei er, dei skal produsere den grøne energien. Men kor grønt vert dette eigentleg, og for kven? Kor grønt vert det når ein skal bruke store mengder straum for å produsere ei anna energikjelde? Kor grønt vert det når ein skal gjere store naturinngrep både på neset, i sjøen og i fjella kring?

Ein hydrogenfabrikk treng mykje straum, det kan resultere i ei stor kraftlinje i det einaste område vi ikkje har linje i dag, og ei femti meter brei linjetrasé, fri for skog, der linja skal gå. Det vert ei rasering av det siste urørte området vi har, frå Moldahytta, utover mot Gulebrystet og ned langs fjellsida på Eikeland.

Og kva med det maritime livet? Vil det maritime miljøet tole enda eit industriområde, inkludert byggefase og utfylling av store areal i sjøen? Ut forbi Holmaneset ligg naturreservatet Tennøya, halve året er det ikkje lov å sette sin fot der. Øya har faktisk ei eiga forskrift på lovdata.no, grunna sitt sårbare miljø. Korleis vil dette miljøet bli påverka, om ikkje forringa?

Naturinngrep av denne storleiken kan aldri erstattast eller gjerast godt igjen. Alternativet er sjølvsagt ikkje å flytte industriområdet enda nærare Svelgen, det er nært nok allereie. Konsekvensane av grøn energi er med andre ord langt frå grøn, og den prisen er det vi som bur her som då må betale.

Bilde av det aktuelle området. Foto: Anita Holm Cirotzki

Mangeårig byggeperiode

Vert det ja til fabrikk, så vert det ja til ein mangeårig byggeperiode. Det inneber sprenging, støy, støv og auka anleggstrafikk. Det vil ikkje gje bulyst eller tilflyttingslyst. Indrehustunnelen er ikkje lengre eit prioritert prosjekt. Det betyr bilkø, venting og auka trafikk i byggeperioden og når anlegget står ferdig, på ein allereie gammal, smal, svingete og uoversiktleg veg som knapt er framkommeleg i dag.

Få arbeidsplassar – store konsekvensar

Intensjonen med industriutbygging er å tilføre fleire arbeidsplassar. Selskapet skisserer 35 til 70 arbeidsplassar, noko som er dårleg butikk med tanke på konsekvensane utbygginga får. Prisen innbyggarane må betale, vert skyhøg samanlikna med tal arbeidsplassar ein får att. Svelgen treng sjølvsagt tilflytting, på lik linje med dei andre bygdene i Bremanger, men det er ingen garanti for at desse vil busetje seg her.

Med dagens teknologi vert fleire og fleire arbeidsplassar fjernstyrt, i tillegg til at mange av ulike årsaker vel å busetje seg andre stader enn der dei jobbar. Det er med andre ord ikkje berre tilbod om arbeidsplassar som er viktig for tilflytting. Korleis det ser ut dit folk skal flytte, er ikkje uvesentleg. Skal vi få folk til å flytte hit, så må dei faktisk ha lyst til å flytte hit. Og dei som bur her må ha lyst til å bli verande.

Eg fryktar fråflytting og ikkje tilflytting dersom Hydrogenfabrikken vert ein realitet. Når det gjeld det lenge planlagde bustadfeltet på Langeneset, vil tomtene her miste sitt viktigaste innsal, nemleg utsikta ut fjorden. Kven vil betale millionar av kroner for tomt og hus, dersom utsikta vert storindustri i begge retningar?

Møt opp på folkemøtet

Det er viktig at mange møter på folkemøtet onsdag 24. mai, det er og viktig at mange svarer på høyringa som kjem. På folkemøte forventar eg at selskapet syner bilete eller film som faktisk gjere det mogeleg å sjå føre seg korleis industriområdet vert sjåande ut. Å berre syne kartutsnitt eller bruke flotte ord som skal blende dei frammøtte meir enn å opplyse, er i mine auge det same som å ikkje fortelje heile sanninga.

Korleis vil anlegget sjå ut frå dei ulike bustadområda i Svelgen og for dei som bur på begge sider av Nordgulenfjorden? Korleis vil lyssettinga av anlegget sjå ut på kveld og natt? Dersom anlegget til dømes får blinkande lys, må det seiast høgt og visualiserast!

Kva naturområde vil gå tapt, både på land og til havs? Kva støy vert det, i byggeperioden og når anlegget er ferdig? Kan innbyggarane risikere høgare straum? Kva med vegnettet? Kva med bulyst? Kva med kommunen sin eigen visjon «Leve, virke, nyte – heile livet» den visjonen gjeld vel innbyggarane langs Nordgulen og?

Politikaransvaret

Eg håpar verkeleg at alle parti og politikarar tenker seg godt om! Kvifor skal ein gjere dette, og til kva pris? Er desse få arbeidsplassane verdt årevis med bygging, støv og støy, store naturinngrep og eit øydelagd kystlandskap til evig tid? Det er ikkje slik at all aktivitet er god aktivitet. Ein kan ikkje seie ja til gigantiske byggeprosjekt og tenkje at «det vert sikkert ikkje så ille». Den sjansen kan ein ikkje ta. Det mest grøne politikarane kan gjere her er å seie nei, dette prosjektet får for store konsekvensar.