Naturmangfaldet rundt oss er viktig og vil bli endå viktigare i framtida

Naturen har alltid vore viktig for meg og familien min, både til matauk, men og til rekreasjon. Vi var ikkje store når vi blei tatt med i skogen for å plukke blåbær, tyttebær eller nyper. Blåbær hadde vi alltid i frysen om nokon fekk dårleg mage, ukokte blåbær er framleis eit godt kjerringråd som mang ein gong har redda små magar ved omgangssjuke. Gleda var stor når dei første markjordbæra og bringebæra var modne, då kunne vi ha rørt syltetøy på brødskiva.

Etter kvart vart vi så store at vi blei tatt med på fisketur. Det å kunne reise på sjøen å trekke garn, rake krabbe eller fiske fersk fisk til middag gav oss mange gode opplevingar, men og mykje god mat. Nokre gonger når pappa var heime frå sjøen sette vi line og fekk ordentleg storfangst. Eg var ikkje då klar over at kvardagsmaten vi hadde, meir eller mindre fri tilgang til, var rekna for delikatesse og luksus for mange andre.

Alle timane eg sat i robåten borti Holmane og fiska, enten aleine eller i lag med bestemor var terapi for sjela samtidig som det gav mat på bordet. Vi kunne sitje i timevis å sjå på naturen kring oss og tenkje at vi var utruleg heldige som fekk oppleve noko slikt. Enkelte gonger fekk vi lite fangst, men andre gonger måtte vi berre gje oss fordi vi grua oss for at det ville bli arbeid til langt på natt før ein var ferdig å stelle fisken …

Men det var jo så moro når makrellen beit så ein nesten ikkje fekk ut snøret igjen før heile harpa var full og korleis skal ein klare å stoppe då? Og måsane som flaug etter båten gav god informasjon til dei heime om ein hadde fått nok fisk til middag, for vi hadde jo ikkje mobiltelefon på dei tider.

Desse hendingane er noko av det som har forma meg, det å kunne leve av og med naturen, det å kunne hauste av mangfaldet og overskotet, men likevel gje noko tilbake sit i. Vi går framleis i fjæra med fiskeslog og rekeskal, men både svartbaken og gråmåsen er blitt færre og krykkja har eg ikkje sett på fleire år.

Når ein då høyrer at bestanden av fuglar i fuglefjella våre langs heile kysten går kraftig attende må ein byrje å tenkje seg om, ja vi har jo lagt merke til at fiske heller ikkje er like godt som eg hugsa frå oppveksten. Kan det vere at tilbakegangen av sjøfugl kan henge saman med nedgangen av fiskebestanden? Kva med vindturbinane som står langs heile kysten, kan dette vere med på å redusere bestanden av sjøfuglane våre og gjere at stadig fleire artar blir sett på som truga og blir sett på raudlista?

Vi høyrer og at kysttorsken er truga mange stader, men kva gjer vi for å prøve å rette opp i dette? Ein veit allereie at torskeyngel er sårbar for temperaturendringar og at fjorden i Nordgulen har høgare temperatur enn andre fjordar på grunn av industrien i området, samstundes er Nordgulen eit viktig gytefelt for kysttorsken.

Når ein då planlegg ein gigantisk fabrikk som skal sleppe enorme mengder varmtvatn rett i fjorden, kva gjer dette då med livsgrunnlaget for fiskeyngel i området? Korleis vil dette påverke fiskebestanden og næringsgrunnlaget for sjøfuglane på verneområdet Tennøya? Og korleis vil omsynssonene og risikoen ved fabrikken påverke småbåtfolket som brukar både Holmane og området rundt Tennøya til rekreasjonsområde og til fritidsfiske? Folk i både Nord-, Sør og Midtgulen er glade i området og bruker det til bading, padling og fiske nettopp fordi det er så skjerma men likevel så lett tilgjengeleg for alle.

Ein annan ting er korleis lyssettinga og flammetårnet på eit slikt anlegg vil påverke Tennøyane Naturreservat. Vi veit at det er forska på lyspåverknad på fuglar og at konstant lys er negativt for fuglelivet, korleis skal ein klare å skåne fuglelivet på ein best mogleg måte?

Med åra har eg fått auka kunnskapen min om naturen og mangfaldet vi har rundt oss, eg har byrja å forstå at det meste i naturen har ein samanheng, men og at vi er frykteleg dårlege til å ta vare på naturen rundt oss. Mangfaldet gjer at eg har lyst å lære endå meir, for ein finn stadig nye artar i naturen, kanskje det neste ein finn er ein sopp eller plante som kan kurere kreft?

Sidan dei ulike naturtypane gjev grunnlag for ulike artar er det viktig å ta vare på ulike typar natur enten det er kystfuruskog, kystlynghei, gamal beitemark eller blandingsskog. Naturen sluttar aldri å fasinere meg, mangfaldet i dei ulike skogane, på fjellet og i fjordane, fisk, fugl og anna dyreliv har ein samanheng, vi må berre sjå den. Vi har mykje ulike soppar, nyttevekstar, ja til til og med tang og tare som kan vere svar på mange av utfordringane vår generasjon har rota seg opp i, både som mat men og som alternative produkt til plast.

Etter kvart som ein blir eldre lærer ein å ta vare på dei gode opplevingane, det å ligge på berget om kvelden og kikke på stjernehimmelen, høyre på ugla og flaggermusa er blitt som eit fjernt minne. Konstant lys frå steinbrotet og blinkande diskolys frå vindturbinane rundt med akkompagnement frå stein som dett ned i steinhaugen eller lasterommet på ein båt har teke over. Eg er redd for at den siste rest av natur og rekreasjonsområde i Nordgulen vil bli bygd ned om ein ikkje lar naturen ha ein eigenverdi.

Vi må prøve å ha fleire tankar i hovudet på same tid, vi kan ikkje bruke det «grøne skiftet» som alibi for å rasere og bygge ned livsviktig natur. Klima-krisa blir ikkje mindre ved å bygge ned natur når vi veit at arealendring er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. Vi har eit ansvar for å ta vare på naturen på ein slik måte at både borna og barneborna våre skal få kjenne på gode natur opplevingar i framtida.

Korleis skal vi så sikre at dei som kjem etter oss skal kunne oppleve gleda med å vere på fisketur og kan mate måsane på veg heim? Korleis skal dei lære seg forskjellen på torsk og hyse eller svartbak og fiskemåke om ikkje desse lenger finst fordi næringsgrunnlaget er borte? Er det nokon som har tenkt på kor store konsekvensane er for både naturen og menneska rundt Nordgulen ved ei industriutbygging på Holmaneset?