I lang tid har vi høyrt Nødseth, Iversen, Teigen og andre Ja-politikar snakke om kor økonomisk fortapt «veslebror» Vågsøy vil vere utan hjelp frå « storebror» Flora.

Vågsøy utan Bryggja har hånlig blitt omtala som «rest Vågsøy» med små økonomiske moglegheiter til å klare seg. Dette trass i at det finst 183 kommunar i landet med folketal mindre enn «rest Vågsøy» og faktisk 40 kommunar i landet med folketal under 1500.

I BDO-rapporten blir det og langt på veg hevda at Vågsøy får større økonomiske utfordringar med ei deling enn Flora, sjølv om det ikkje er vist til nokon konkrete tal som underbygger ein slik påstand. I det heile er det få reelle oppstillingar i rapporten som får fram dei store skilnadene som er mellom Flora og Vågsøy.

Den overraskande realiteten når ein ser nærmare på det som står om økonomi i rapporten er at det er Vågsøy som kjem klart best økonomisk ut ved ei deling på alle område.

Argumenta for at Vågsøy har alt å tene på restarte Vågsøy kommune som no blir endå meir kompakt og økonomisk lettdriven utan Bryggja bør no vere styrka.

Inntekter:

BDO viser i rapporten kva inntekter Vågsøy og Flora kommune vil få kvar for seg. Dette blir gjort med å fordele Kinn si samla sentrale inntekt for 2022 ut på Flora og Vågsøy. I dette inngår rammetilskot, eigedomsskatt og andre statlege overføringar og dette blir i BDO sin rapport vist under kollona «sentrale Inntekter»: (vedlegg til rapporten)

Kinn får her samla 1291 millionar kroner som fordelt gjev Vågsøy 415 millionar og Flora 876 millionar.

Først og fremst er det vesentleg at ein no omsider får stadfesta at Kinn kommune ikkje kjem ut med høgare inntekt enn summen av det Flora og Vågsøy får kvar for seg. Når ein så tek Vågsøy si inntekt på 415 mill. kroner og fordeler på Vågsøy sine 5380 innbyggarar gjev det ei inntekt på 77 137 kroner pr. innbyggar.

Når ein tek Flora si inntekt på 876 mill. kroner og fordeler på Flora sine 11.750 innbyggarar så gjev det ei inntekt på 74 553 pr. innbyggar. Som ein her ser så får Vågsøy ei høgare inntekt pr. innbyggjar enn Flora.

NB - Som eit ledd i posten sentrale inntekter er lokal eigedomsskatt med. Her stårVågsøy oppført med samla 19 mill. kr og Flora 61.5 mill. kr. Fordelt pr. innbyggar utgjer eigedomskatt for Vågsøy 3.531 kroner pr innbyggar mot Flora som får 5.380 kr pr. innbyggar.

Ved ei vidare oppjustering av eigedomsskatt i Vågsøy til Flora sitt nivå, vil Vågsøy her komme endå betre ut på inntektssida målt mot Flora.

Drift av kommunen:

Kinn si samla gjeld er enorm. Pr. inngang 2022 er gjelda på utrulege 2812 millionar kroner.

Tek ein med investeringar som ligg i planen for 2022 vil dette medføre 145 mill. kr i årlege finanskostnader. Så står det at drifta for 2022 går 53 mill. kr over budsjett og at heile bufferfondet vil bli tappa innan utgangen av året.

Fortset ein så å låne pengar i samsvar med vedteken investeringsplan skal finanskostnadane auke frå 145 mill. kr i 2022 til 192 mill. kr i 2025, som dermed gjev nye auka finanskostnader på 47 millionar kroner årleg. Alt dette skal så finansierast med store kutt i drifta, der det til dømes blir hevda at 85 årsverk må vekk. Utan bufferfond er faren stor for Robek, og ein skal totalt sett ha god fantasi om ein trur denne investeringsplanen med rekord kommunegjeld let seg gjennomføre, der Skram skule elles ikkje er med.

Gjeldsfordeling mellom Flora og Vågsøy?

Ved deling skal Vågsøy ha den gjeld som er utført for investeringar i gamle geografiske Vågsøy kommune og Flora skal ha den gjeld som gjeld investeringar i Flora.

Når BDO har fordelt gjelda pr. 01.01.2022 mellom Flora og Vågsøy gjev dette ei gjeld på 793 mill. kr som dei meiner tilhøyrar Vågsøy og ei gjeld på 2.019 mill. kr som dei meiner tilhøyrar Flora.

Fordelt pr. innbyggar gjev dette ei gjeld for Vågsøy på 147.000 kr pr. innbyggar, medan Flora får ei gjeld på 172.000 kr pr. innbyggjar. Dette utgjer ein skilnad på 25.000 kr. Skulle Vågsøy si gjeld opp til det same nivå som Flora utgjer det ei auke med 135,5 mill. kroner, eller eit heilt Nordfjordbad. Slik dette ser ut er Vågsøy er med og betaler på Flora si gjeld.

Ser ein og på den vidare auken i finanskostnader i samsvar med vedteken investeringsplan slik BDO viser, så blir auken fordelt slik mellom Flora og Vågsøy:

I 2022 har Flora 97 mill. kr i finanskostnad som aukar til 128 mill. kr i 2024.

(Dette utgjer ein auke på 31 mill. kr på desse to år).

Vågsøy får i 2022  47 mill. kr i finans kostnad som aukar til 54 mill. kr i 2024. (Dette utgjer ein auke på berre 7 mill. kr).

Dette viser at utan deling vil Kinn si gjeld også vidare auke kraftigare på investeringar som geografisk skal skje i Florø dei neste 2 åra vurdert mot Vågsøy. NB. For gjeld er det heller ikkje definert kva som gjeld lån til VAR og sjølvkost.

Om ein tok med år 2025 ligg vel Nordfjordbadet inne i investeringsplanen, som jamnar ut dette litt, men ingenting tyder på at Kinn vil kunne klare å auke finans kostnader så kraftig og gå klar Robek, så det som ligg i investeringsplan i 2025 betyr lite. Kommune direktøren har og alt hevda at investeringsplan er for høg og må kuttast til hausten. Kjem Kinn på robek er det veldig avgrensa kva ein eventuelt får låne pengar til. Nokon ny Skram Skole kan ein berre gløyme.

Som vi ser viser både inntekter og gjeldsfordeling at Vågsøy har alt å tene på ei deling.

Men ein må heller ikkje gløyme at Vågsøy med eit stort folketal på lite areal med få einingar innan skule og omsorg har ein stor fordel med tanke for økonomisk effektiv drift.

Flora er ein geografisk stor kommune med eit landareal på 693 km 2, medan Vågsøy er på berre på 119 km².

Flora har 9 barne- og ungdomsskular. Vågsøy har 4.

Flora har 11 barnehagar medan Vågsøy har 4.

Vågsøy har lagt ned skular og er økonomisk lettdriven. Gevinsten av dette blir slik dette ser ut brukt på å dekke investeringar og drift i Flora, der det er den store eldrebølgja som no må prioriterast.

Telemarksforsking viste i 2017 fram ein tabell for berekna auka kostnader for demografiendringar frå 2018. Her kom Vågsøy ut med ein auke på berre 58 mill. medan Flora kom ut med ein auke 192 mill. kr. Demografendringane medfører at økonomiske resursar i sterkare grad må vris frå barn og unge, som det er færre av, og over på eldreomsorg. Dette er inga lett oppgåve og det er og fort behov for kostbare strukturelle grep, som Vågsøy i stor grad er ferdig med.

Planavdelinga:

Så ser vi at næringsliv toppane i Vågsøy hevdar planavdelinga er styrka med Kinn, som om dette skal vere eit viktig argument. Dette held ikkje. Ca 80 % av kommunens økonomiske ressursar er knytt til dei tunge sektorane skule, helse og omsorg, medan berre rundt 2 % er knytt til plan. All forsking viser og at innbyggjarane er mest fornøgd med dei viktige nære tenester når det er kort veg frå giver til bruker, men eit lokalt forankra lokaldemokrati som vakt hund. Kjøkkensaka i Vågsøy er eit god døme her.

For plan, byggesak og forvaltingsoppgåver er det ikkje så viktig med nærleik, og her kan kystkommunane i staden med fordel gå saman og samarbeide så ein får eit større fagmiljø, slik ein og gjere på enkelte andre oppgåver.

Når det gjeld BDO-rapporten, så er den mangelfull med ei mengd synsing og påstandar som det ikkje er dekning for. Fakta er at på alle nøkkeltal både på inntekter, gjeld og framtidig utgift nivå (demografi) kjem Vågsøy betre ut enn Flora.

BDO nemner ikkje dette med eit ord. Rapporten viser ikkje i det heile til mål for kommunereforma og harmonerer lite med dei langt meir faglege vurderingane vi såg i Telemarks rapporten frå 2017, og elles det vi såg statsforvaltar v/ kommuneekspert Kåre Træen skreiv om samanslåing av Flora og Vågsøy i si innstilling til departementet i 2017.

Viser her til sitat:

«Fylkesmannen skal gjere ei sjølvstendig fagleg vurdering og tilråding basert på dei lokale vedtaka, sett opp mot måla for reforma og kriteria for ein god kommunestruktur. Samanlikna med andre kommunar, er vår vurdering at ein ny kommune med Flora og Vågsøy, ut ifrå dagens infrastruktur, vil få ulemper knytt til store avstandar. Dette vil gjere seg gjeldande både for tenester, myndigheitsutøving, samfunnsutvikling og lokaldemokratiet. Arbeidsmarknadane mellom kommunane er i dag svakt integrerte og interkommunale samarbeid er i fleirtal med andre kommunar»

Stem for deling av denne ubrukeleg Kinn kommunen så vi kan få fred på kysten, slik at vi og i framtida kan behalde to vekstsenter både i Florø og Måløy.

Jostein Eimhjellen

Kinn-motstandar

Lesarinnlegget er ikkje faktasjekka i sin heilskap. Utrekna tal og påstandar i denne meiningsartikkelen står for innleggsforfattar si rekning slik det blir opplyst om øvst i innlegget.