Ordførar og nokre politikarar frå Arbeidarpartiet har utfordra oss som meiner at Kinn er ein dårleg ide, til å fortelje kva er det vi vill med Nye Vågsøy og Nye Flora.

Det som for oss i Senterpartiet har vore den sterkaste grunnen til at vi ynskjer at dette skal innbyggjarane få seie si meining om, er at det nettopp blant innbyggjarane i Vågsøy har vore stor motstand mot Kinn heile tida. Vi opplever også at motstanden er aukande i Flora.

For oss som er opptekne av eit levande folkestyre så har danninga av Kinn vore tung å svelge.

Og det er nettopp dette folkestyret, som vi har sett i desse vel to åra, som ikkje har fungert slik som dei som var for sa at det ville bli.

Vi ynskjer ei deling fordi at vi då vil få ein heilt annan nærleik mellom dei framtidige politikarane i Vågsøy og Flora og innbyggjarane. Dette vil også gjere seg gjeldande innan i blant administrasjonen.

Slik det er i dag så blir det gjort vedtak som omhandlar både område og bygder som ein knapt har visst eksisterte, langt mindre kjenner folk i, dette kan umogeleg vere ein fordel, men er ei stor ulempe.

For i tillegg så vil skeivheita i befolkninga med eit 1/3-forhold av innbyggjarar gje store utslag blant politikarane i Kinn kommune, dette er den såkalla kjøtvekta.

Den må på ingen måte undervurderast krafta i.

Det er ikkje usannsynleg at frå Vågsøy sitt område så kan framtidig representantar i kommunestyret bli ein tredjedel, kanskje mindre.

Eit anna spørsmål vert kor mange som vil ta på seg politiske verv i Kinn med dei store avstandane og reisebelastningane som er og det at ein har store sjansar for å komme i mindretal same kor gode forslaga er.

Kvifor greip ikkje Arbeidarpartiet inn i kjøkkensaka i Måløy som vart gjennomført utan at der var politisk handsaming? Berre ein post i budsjettet.

Det er berre å sjå på kva som har skjedd i Danmark som har mykje meir avgrensa geografiske avstandar enn i Kinn, men der snakkar dei faktisk om å gå tilbake til delvis slik det var før deira kommunereform i 2007.

Dei har sett at det området som mista sitt kommunesenter har hatt stor tilbakegang over tid som følgje av at sentraliseringa har blitt utøvd av eit større byråkrati som vert bygd opp der kommunesenteret ligg.

Vi i Sp har ikkje hatt tru på at dette med delt kommunesenter ville stå seg over tid i Kinn heller, noko som alt er stadfesta med at dei som i medhald til vedtak i fellesnemnda og i deira respektive arbeidsavtalar skulle ha kontorstad i Måløy, knapt er der i det heile.

I tillegg så var der ein viss balanse av toppleiarar i starten, men desse er no blitt erstatta av folk i Florø, dette trur vi dessverre berre vil forsterke seg etter som tida går.

Kva vil vi så prioritere i Nye Flora og Nye Vågsøy?

I Flora så har Kinn Sp hatt høgt på sine prioriteringar i uprioritert rekkefylgje; ny gymsal ved barneskulen, nye sjukeheimsplassar, behalde distriktsskulane, og ny brannstasjon.

I Vågsøy så står Skram skule og ny brannstasjon, arealplanen må forserast og er høgt på Sp si liste, men dette må komme i begge områda etter kvart som ein har økonomi til det.

Fotballhall i Florø og symjeanlegg/badeanlegg i Måløy vil vi også ha, men vi ser ikkje korleis vi skal få råd til det på fleire år enda.

Ved ei deling av Kinn, så vert det opp til dei framtidige politikarane i begge kommunane å føre ta dei nødvendige prioriteringane og ein slepp å konkurrere mellom byane. Eg trur vi kan slå fast kven som vil tape.

At økonomien i dei nye kommunane skal verte verre enn i Kinn har eg inga tru på, der finst ikkje logiske forklaringar på slikt.

Vågsøy som ei kompakt kommune vil verte langt meir lettdriven enn Kinn med sine store avstandar, det vil også Flora verte.

Så Ap, vi lovar ikkje gull og grøne skogar om det vert ei deling, men vi har stor tru på det lokaldemokratiet som vil vekse fram ved ei deling.

Så har ordførar bedt oss om å vere ærlege, i den samanheng så har vi eit spørsmål til han?

Har du ordførar vore ærleg i alt du lovde berre vi vart Kinn og som sjølv du har måtte innsett at ikkje kan oppfyllast? Og kan du vere ærleg på kvifor du ikkje har følgt opp vedtaka om til stades verande av dei kommunalsjefane som skulle ha arbeidsstad Måløy.

Bruk røysteretten.