Fleirtalet i kommunestyret si grunngjeving for kvifor dei vil greie ut ei reversering av Kinn kommune er mildt sagt svak. Oppmodinga ordførar Ola Teigen og eg kom med i lokalavisene i februar om å utdjupe grunngjevinga, den har ingen svart på. Ingen har heller svart på kva som blir så mykje betre med ei deling. Kvifor ikkje?

Å slå saman kommunar på staten si bestilling var ei krevjande øving over heile landet. Alle har gjort erfaringar av positiv og negativ art. I Kinn har ein lukkast på mange område: For andre år på rad var Kinn i år mellom berre tre nominerte i KS og NHO sin konkurranse om «Årets vertskapskommune for næringsutvikling», for kommunar med fleire enn 15.000 innbyggjarar. I 2020 fekk Kinn «Leve heile livet-prisen» av Helse- og omsorgsdepartementet. Sjølv ihuga motstandarar av Kinn kommune, med postadresse i Vågsøy, skryt uhemma av arbeidet med arealplanlegging. «Ei heilt ny verd», kalla ein av dei det.

På andre område har ein framleis svært mykje kommunen må bli betre på. Dette er i all hovudsak utfordringar ein har drege med seg frå dei gamle kommunane. Samstundes er det nokre nye vegval, til dømes administrasjonen sin prosess kring nedlegging av kjøkkenet i Måløy, som bør stå i lærebøker for endringsprosessar om korleis ein ikkje bør gå fram. Prosessen rundt grendeskulane i Flora er også eit godt døme på korleis ein gjennom ukloke prosessuelle val presterer å skape mest mogleg uro og frustrasjon, på eit område der føreseielegheit er sentralt.

To år med pandemi frå kommunen var under tre månader gamal, har på nokre område gjort samanslåinga ytterlegare krevjande. Samstundes har pandemien òg gjort at ein måtte omstille seg til meir digitalisering, som kler Kinn kommune godt. Avstandar betyr vesentleg mindre i juni i 2022 enn i februar 2020. Det blir stadig lettare å drive kommunen vår.

«Politikk er å ville» sa Olof Palme. Dette må konkretiserast til å handle om å ha ein overordna plan om kor ein vil, og så ideelt sett sjå alle vegval ein tek i stort og smått som steg på vegen dit. Nokre gongar er det lett å rykke fram, andre gongar vert ein tvinga til å gå ein annan retning enn ein eigentleg vil. Gjerne fordi ein som parti må kompromisse med andre, og fordi vegen og landskapet ein beveger seg i endrar seg undervegs. Sånn er politikken.

For Venstre handlar Kinn kommune om å samle kysten for å ikkje igjen drukne når vi skal konkurrere med våre (stadig større) naboar om andre si merksemd, enten det handlar om offentlege arbeidsplassar, etablering av næringsverksemd eller tilflyttarar. Samstundes skal vi levere gode velferdstenester og legge til rette for dei som vil skape framtidsretta arbeidsplassar i kommunen.

Det er interessant å diskutere kva som var situasjonen i dei gamle kommunane. Det soleklart viktigaste er likevel å sjå framover: 1 år, 5 år, 30 år. Ingen har svart på oppmodinga til Ola Teigen og meg. Ingen har heller svart på kva som blir så mykje betre med ei deling. Ein berre snakkar om støy, behovet for ro, behovet for ei folkerøysting og behovet for deling. Skapar eit slikt fokus ro? Eller bidreg det paradoksalt nok til meir støy og uro? Eg trur grunnen til den øyredøyvande stilla om kva ein vil etter ei deling er at ingen av dei som vil dele Kinn har gode svar å kome med. Kva er planen med nygamle kommunar som er så mykje betre enn Kinn?