Kjell Lillebø har skrive dette innlegget.

Hjelper Kinn oss framover?

Eg høyrde på Solvik-Olsen då han la fram NTP, der nemnde han eit ferjesamband med ein gjennomsnittleg trafikk på 800 per dag, dette dobla seg då ferja blei overflødig, og dobla seg igjen då det var slutt med bompengar. Dette dreier seg om Eiksundsambandet, eg kjenner igjen tala fordi Koparnes/Årvik låg rett bak i trafikktal då ferja gjekk Eiksund/Rjånes.

Men noko slikt utvikling vil vi ikkje ha her i ytre Nordfjord og Sunnfjord, her vil vi sitte på kvar vårt nes og filosofere kor vi kan stikke kjeppar i hjulet for naboen. Dette kallast kulturkollisjon, ikkje synergi som dei frå næringslivet yndar å kallar det. Det er ikkje sist gang eg har sett vogntog vente på ferjeavgang til Oldeide i ein time eller lenger, klokka sju i dag rulla eit vogntog inn på ferjekaia i Måløy, klokka ni køyrer vogntoget på land på Oldeide, på den tida køyrer du Fosnavåg Måløy.

Kva gjorde Sunnmøringane som tapte kampen om E39 til Ulstein/Hareid, sette seg ned og fortvila? Nei, dei tenkte kreativt. Vi må ha ny veg utanom Ørsta sentrum, og vi må gjere oss nytte av den store ferjetrafikken vi har i dag på Sunde/Festøy. I Volda er det alt kaos med dagens trafikk, dei kan ikkje vente lenge på tunnel, lat oss få i stand ein tvillingfødsel med felles bompengeselskap for realisering av tunnel utanom Volda og tunnel under Ørstafjorden og knytte Vartdal til Eiksundsambandet på Berkneset. Vegvesenet seier at 1,3 milliardar til eit ferjesamband over ytre Nordfjord er investeringar som kjem til nytte den dagen ein har klart å reise 4,9 milliardar til bru, det er lettare å få aksept for ei investering på 1,3 milliardar enn ei på 4,9 milliardar, særleg når kostnadane kan redusere behovet for 4,9 milliardar til bru, kostnadane til tilførselsvegar er jo ein stor del av dei 1,3 milliardar, og tilførselsvegar må ein jo ha til bru og.

Eg ynskjer meg ein tvillingfødsel med ferjesamband over Nordfjorden med minimum 34 avgangar og 10 minutt overfartstid og tunnel Svelgen/Indrehus. Ein kan ikkje vente for lenge med ei tidsmessig kryssing av Nordfjorden før trafikken finn andre vegar, taparen vil vere Bremanger.

Neste etappe og, også her peiker vegvesenet på at det er pengar å spare ved å bruke eksisterande veg Haukå/ Grov og Nordalsfjordbrua. 5,7 milliardar er trass alt mykje pengar, dessutan er det tid å spare for dei som kjem nordfrå og skal til Førde eller vidare til Bergen. Det med å kunne nytte E39 vidare frå Førde til Bergen, det er viktig på grunn av vegstandarden. Vegvesenet har køyrt ein rekkeviddeanalyse og konkluderer med at sør for Dale har alternativa liten innverknad i 45 min rekkevidd, derfor vil dei nytte eksisterande vegar, eventuelt med utretting av tronge svingar.

Kva er målet med Kystvegen: Bidra til å skape vekst og utvikling i kystkommunane dersom eg tolkar vegvesenet rett. Kva skaper mest vekst? At Flora får tilgang til eit nytt industriområde, eller at Måløy blir liggande midt mellom Hareid/ Fosnavåg og Førde, 10 mil i kvar retning?   Ein av dei større arbeidsplassane i Sogn og Fjordane er Havyard med hovudkontor i Fosnavåg. Og i Førde ligg ein annan stor arbeidsplass, Multi Maritim, i ei bransje som mange i Vågsøy kjenner seg heime i, eigd av Fiskarstrand Verft. Eg vil tru dette skaper ein del trafikk som kunne komme godt med i desse bompengetider, men eg trur nok det er meir sannsynleg at denne trafikken går over Øyebakken enn over Tongane i framtida slik politikarane prioriterer.

Ein spådom: Ferjestrekninga Lote/Anda vil lide same skjebne som Hella /Vangsnes.Kring 1980 kom eg med bil til Hella, det var fullt opp med bilar og du kunne høyre mange tungemål, eg følte meg hensatt til eit Geiranger i miniatyr. Så noko over 20 år seinare, bilparken i landet hadde vekse formidabelt, det var midt i turist-

sesongen og eg rulla inn på ein kjempestor oppstillingsplass for ferjebilar på Hella, som einaste bil. Eg forstod ingenting, har eg gått glipp av melding om stenging av sambandet for vedlikehald eller? Men nei, det kom ei ferje midtfjords, så i alle tilfelle måtte eg ikkje vente lenge før eg visste om eg kom meg vidare, og det gjorde eg. Kva som hadde skjedd; Opseth hadde sveva over landet og med eit trylleslag gjort ferjestrekninga til eit lokalt anliggende på størrelse med samband Stårheim/Isane, medan politikarane i Vik sov sin Tonerosesøvn. Då politikarane vakna starta arbeidet med tunnel Vik/Voss for fullt (utan å ha den store trafikkutviklinga i ryggen) og i førre NTP var tunnelen inne, men utan pengar. I årets NTP venta dei på opprykk og pengar til oppstart, men då var tunnelen heilt ute av NTPen, i staden hadde strekninga Byrkjelo/Sandane tatt plassen med 1 milliard og håp om pengar etter 2026. Dei pengane kjem ikkje fordi vegvesenet har berekna køyretida Skei/Volda til 66 minutt med nye tunnelar og bru Frøholmen/Svarstad.

Ifølge rutehefte for Sogn og Fjordane er køyretida Skei /Nordfjordeid rb.st 85 minutt. Skal vi sei, for ikkje å ta for sterkt i at med ny tunnel Øyebakken/Grodås vil det i framtida ta like lang tid med privatbil Byrkjelo/Volda som Byrkjelo/Nordfjordeid. Bussane må innom Sandane rb.st, seier vi at personbilar sparer 15 minutt ved å køyre direkte er det likevel raskast å køyre om Øyebakken for dei som skal til Nordfjordeid eller vidare vestover, berre lokal trafikk vil vere igjen for å sikre ferjetilbodet Lote/Anda, og det er ikkje nok.

Men dei som skal til flyplassen då? Flyplassen vil nok snart og vere historie, med 75 minutt frå Sandane om Innvik til Hovden med langt fleire avgangar og same tid som ein reknar frå Måløy til Anda forsvinn nok også argumentet at næringslivet treng den for å eksistere.

Sidan Kviven opna har trafikken på ferja Volda/Folkestad gått ned med 20.000, 4.000 berre siste år, så utviklinga går fort, så tida er nok inne for politikarane til å parkere kjepphestane.