Ei lokalavis har fleire oppgåver og roller i lokalsamfunnet. Fjordenes Tidende har til liks med resten av pressa ei samfunnsrolle. Vi skal ta av oss av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk, men ei lokalavis har fleire oppgåver.

Som lokalavis kjenner vi også på eit ansvar for å engasjere og skape glede i lokalsamfunnet vårt. Vi skal ta oss tid til å ha det litt moro saman. Fjordenes Tidende vil vere med på moroa, og det er med stor glede at vi no lanserer Måløy maskedrama 2023 på fjt.no.

Måløy maskedrama er eit samarbeid mellom Måløydagene og Fjordenes Tidende. Det vil frå 1. juni rulle ut sju episodar på fjt.no, før det heile blir avslutta med eit stort direkte show i teltet under Måløydagene søndag 11. juni.

I løpet av sendingane på fjt.no får du sjå og høyre fem lokale personar snakke og synge bak dei flotte maskene, som sjølvsagt også er lokalt produsert. Ikkje nok med det. På fjt.no vil du også bli kjent med alle dei gode hjelparane til dei mystiske og maskekledde figurane. Det er heilt fantastisk kor mange kreative, flittige, modige og flinke menneske vi har i lokalsamfunnet vårt.

Vi håpar at du vil følge Måløy maskedrama på fjt.no, og at du kastar deg ut i diskusjonen om kven som gøymer seg bak maskene.

NRK har hatt stor suksess med sitt Maskorama, men Måløy maskedrama er noko for seg sjølv. Det kan de sjå med eigne auge på fjt.no.

Vi bur i eit område som har lang tradisjon med å gå nyttårsbukk, og derfor tenker vi at Måløy maskedrama vil skape stort engasjement i heile dekningsområdet til Fjordenes Tidende.

Torsdag 1. juni klokka 18.00 er det premiere på Måløy maskedrama. Fjordenes Tidende er klar til premierefest. Foto: Håvar Fagerli

Måløy maskedrama er noko av den digitale satsinga til Fjordenes Tidende. Det er altså på nettstaden vår, fjt.no, det skjer. Om du les denne leiaren i papiravisa og tenker at fjt.no ikkje er noko for deg, vil eg at du kontaktar meg. Eg vil gjerne hjelpe deg med å kome inn på fjt.no, og vise deg alt du kan finne der. Som lokalavis har vi også eit ansvar for at alle blir inkludert.

God fornøyelse med Måløy maskedrama 2023!

– Vi bur i eit område som har lang tradisjon med å gå nyttårsbukk, og derfor tenker vi at Måløy maskedrama vil skape stort engasjement i heile dekningsområdet til Fjordenes Tidende, skriv redaktør Håvar Fagerli i denne leiaren. Foto: Rebekka Myrseth/Kjellrun Åsebø/Fjordenes Tidende